Sjukepleiar 100% fast stilling, Stryn legekontor
Org. nr: 963 989 202 Stillingsident: 4298257277 Presentasjon av stillingen:
Stryn kommune ser behov for å tilføre sjukepleiekompetanse til Stryn legekontor, og lyser difor ut 100% fast stilling som sjukepleiar. Stillinga er den første sjukepleiarstillinga på legekontoret.
På grunn av koronasituasjonen vil stillinga i første omgang nyttast til smittevernsarbeid. Hovudoppgåver vil vere smitteførebyggjande tiltak og arbeid innan TISK (testing, isolering, smittesporing og karantene). Dette vil seie å jobbe systematisk med å halde eventuell smittespreiing lavt og ha kontroll på smittespreiing i kommunen. Sjukepleiaren vil ha ansvar for den daglige drifta av den midlertidige luftvegsklinikken i kommunen.
På sikt skal stillinga vere med å utvikle legekontoret til å kunne stette forventningar og lovkrav til tenesta, med fokus på kvalitative forbetringsprosessar rundt tenesteytinga. Eksempel observasjonsarbeid og triagering, oppfølging av kroniske sjukdomar, avstandsoppfølging. Stillinga vil vere nært knytt opp til legevaktsarbeid på dagtid og akuttmedisinsk arbeid.
Stryn legekontor har per i dag 10 fastlegeheimlar, og alltid ein LIS1-lege på turnustenesta. Det er i underkant 6 årsverk med hjelpepersonell på legekontoret. Arbeidskvardagen kan til dels vere krevjande for både leger og hjelpepersonell, vi søker ein sjukepleiar som ønsker å jobbe tett opp mot både leger og hjelpepersonell for å styrke kontoret som heilheit. Stryn legekontor deltek i interkommunal legevaktsamarbeid kveld, natt og helg.
Den som vert tilsett vil få vere med å forme stillinga, noko som betyr at vi leitar etter deg som er engasjert og initiativrik. Du må sjølv sjå utviklingsmuligheiter for kontoret og stillinga di spesielt. Arbeidet vil skje i tett samarbeid med hjelpepersonell og fastlegane, einingsleiar og kommuneoverlege.
Einingsleiar for helsetenester vil vere din næraste leiar. Eining for helsetenester er organisert i helse- og sosialetaten. Du vil ha kontorstad ved legekontoret.
Arbeidsoppgåver
-
Smittevernsarbeid
- Betene kommunens koronatelefon
- Gjennomføre koronatesting
- Smittesporing ved nye koronatilfelle og oppfølging av nærkontaktar
- Drifte luftvegsklinikk
-
Oppfølging av daglegevakt, her under delta på utrykking ved akuttoppdrag.
-
Utviklingsarbeid og kvalitetssikring, her under å lage og følge opp fagprosedyrar
-
Opplæring av vikarlegar og LIS1-lege om lokale forhold
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar med norsk autorisasjon
- God helsefaglig kunnskap og observasjons- og vurderingsevne
- Gode kommunikasjonseigenskapar både munnleg og skriftlig. For framandspråkleg vert det kravd språkkunnskapar i norsk tilsvarande nivå B2 (må dokumenterast).
- Gode engelsk kunnskapar
- Det er en fordel med relevant vidareutdanning og erfaring i akuttmedisin
- Førarkort klasse B med manuell gir
Personlege eigenskapar
- Har faglig integritet og er opptatt av faglig utvikling
- Er systematisk og strukturert
- Kan jobbe sjølvstendig
- Evner å takle stress og uføreseielege situasjonar
- Er løysingsorientert
- Samarbeider godt med andre og er god på relasjonsbygging
Vi tilbyr
- Meiningsfulle arbeidsoppgåver
- En stilling med store utviklingsmuligheiter og som du kan være med å forme sjølv.
- Løn etter lover og avtaler
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Alexander Rande, Einingsleiar helsetenester, 970 40 762
Arbeidsstad
Setrevegen 4
6783 Stryn
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stryn Kommune
Referansenr.:4298257277
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.10.2020
Om bedriften
Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.