LIS3 - Ortopedisk avdeling
Ortopedisk avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
LIS3
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Førde, Sunnfjord kommune. Ein har gode kommunikasjonsmoglegheiter både til Oslo og Bergen, både med fly og buss. Om du likar shopping, trening på treningsssenter, forskjellige idrettar eller turar i skog og fjell, så er dette fasilitetar du har lett tilgjengeleg like i nærleiken. Les meir om kommunen og kva vi kan tilby deg i regionen vår: Sunnfjord kommune.
Det er god breidde i det ortopediske tilbodet i Helse Førde, med fast tilsette overlegar innan alle fagfelta. Avdelinga har aktivitet ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Eid.
Fast arbeidsstad for LIS3 er Førde sentralsjukehus.
Ved Lærdal sjukehus føregår det i all hovudsak elektiv ortopedi. På Nordfjord sjukehus har vi dagkirurgi og skadepoliklinikk.
Førde sentralsjukehus har tilbod innan følgjande område:
- Traumatologi
- Handkirurgi
- Skulderkirurgi
- Protesekirurgi – hofte, kne, skulder
- Fot-/ankelkirurgi
- Ryggkirurgi
Avdelinga i Førde har sju LIS3 stillingar og seks LIS1 stillingar. Vi har døgnavdeling med 31 senger i Førde og 18 senger i Lærdal.
Les meir om Helse Førde HF.
Arbeidsoppgåver
- Sengepostarbeid, poliklinikk og operativ aktivitet
- Internundervisning, rettleiing av turnuslege i vakt m.m.
- Rettleiing av, og kommunikasjon med, 1. linjetenesta
- Rettleiing av turnuslegar
- Vaktarbeid 7-delt turnus
Kvalifikasjonar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Må vere ferdig med turnusteneste og ha interesse for fagfeltet
- Erfaring innan fagfeltet vert vektlagt
- Erfaring som LIS vert vektlagt
- Utdanningsretning: Medisin
- Utdanningnivå: Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Gode evner til å kommunisere og samarbeide
- Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
- Pasienten i fokus
- Fagleg engasjert
- Strukturert i forhold til eigne arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Løn etter overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no . Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknad.
Kontaktinformasjon
Kari Anne Indrebø, Avdelingssjef, +47 91867566Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4857147563
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 01.12.2024
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2749575
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6cd14a6afaef4b92ac31edab8653a40e