Sommarvikarar innan Helse og omsorg - 2023
Stillingsannonsen er inaktiv.Vang Kommune, Helse og omsorg
Tyinvegen 5150, 2975 Vang i Valdres
Vang kommune ynskjer sommarvikarar ved Vangsheimen, heimetenesta og tilrettelagte tenester for sommaren 2023.
Me søkjer etter sjukepleiarar, sjukepleiarstudentar, vernepleiarar, vernepleiestudentar, helsefagarbeidarar og assistentar i inntil 100% stilling.
Skriv gjerne kort om din motivasjon og interesse for å vere sommarvikar innan helse og omsorg, òg kvar du helst ynskjer å arbeide i prioritert rekkefølgje.
Arbeidsoppgåver
- Utøve helsehjelp i tråd med gjeldande krav og lovverk
- Praktisk bistand og rettleiing til brukarar
- Bidra til positivt samarbeid på tvers av einingar i etaten
- Dokumentere i fagsystemet Profil
Kvalifikasjonar
- Autoriserte sjukepleiarar eller vernepleiarar, fagbrev og autorisasjon innan helsefag
- Studentar innen helsefag
- Ufaglærte assistentar/ støttekontaktar/ avlastarar
- Interesse og engasjement for fagfeltet
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Førarkort kl. B (gjeld for heimetenesta og tilrettelagte tenester)
- Gjerne erfaring frå kommunal pleie- og omsorgsteneste
- Kunnskap om bruk av IKT som verktøy, gjerne erfaring frå Profil
Personlege eigenskapar
- Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
- Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
- Vera motivert, engasjert og strukturert
- Ha gode evner til samarbeid
- Sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
- Evne til å sjå, tenke og arbeide heilskapeleg
Vi tilbyr
- Eit godt og spanande fagmiljø med variarte arbeidsoppgåver
- Eit positivt og treveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
- Opplæring og rettleiing
- Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar
- Kommunen kan hjelpe med å skaffe bustad
Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell loven § 5-4. Attetsten må leggjast fram før tiltreding.
Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Meir informasjon om stillingen kan du få ved å vende deg til aktuell avdeling.
Kontaktinformasjon
Stine Solemsli, Leiar Vangsheimen og heimetenesta, 90896012, stine.solemsli@vang.kommune.noElisabeth Hålien, Leiar tilrettelagte tenester, 99090013, elisabeth.halien@vang.kommune.no
Arbeidsstad
Tyinvegen 51502975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vang KommuneReferansenr.: 4607887011
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 01.06.2023
Sluttdato: 31.08.2023
Søknadsfrist: 11.04.2023
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vang Kommune, Helse og omsorg
Adresse
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
Hjemmeside
http://www.vang.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/heimetenester-og-sjukeheim/tenester-i-heimen/
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
Om stillingen
Stillingstittel
Sommarvikarar innan Helse og omsorg - 2023
Antall stillinger
15
Oppstart
1. juni 2023
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Arbeidstidsordning
Turnus
Sist endret: 12. april 2023
Hentet fra: talentech
Referanse: bcfcd026c57b4cff9092b636123b9551
Stillingsnummer: 06493a85-709a-42e0-8bd9-374470e7f7f9