Fastlege, Kviteseid helsesenter - ID 1132
Kviteseid kommune
Kviteseid kommune
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid
Antall stillinger
1
Søknadsfrist: 30.11.2021 Ynskjer du å arbeide som fastlege i ein av Vest-Telemark finaste kommunar?
På Kviteseid legekontor har me ledig 100 % fast stilling som fastlege. Legekontoret er ein del av Kviteseid helsesenter og knytt til helsestasjon, fysioterapi, psykisk helse og rustenesta. Som fastlege i kommunen vår jobbar du tett saman med andre kollegaer i kommunen si helse- og omsorgsteneste. Me trur at tett tverrfagleg samarbeid gjev oss eit rom for ein unik nærleik til brukarane våre. På legekontoret blir du ein av to fastlegar, i tillegg til ein LIS1. Me har fire kontortilsette og er ein arbeidsplass med god takhøgde og mykje humor.
LEDIG STILLING
Ved Kviteseid helsesenter, legekontoret er fylgjande stilling ledig:
Fastlege ID - 1132, 100 % fast stilling, tilsetjing frå 01.02.2022.
Arbeidsoppgåver:
- Kurativt legearbeid inkludert helsestasjonsarbeid
- Pasientkonsultasjonar med listetak på 900
- Vakter i interkommunal legevaktsordning. 10 delt vaktordning med vaktslutt kl 23:00
- Samarbeid med andre faggrupper i kommunen si helseteneste
Kvalifikasjonar:
- Spesialistgodkjenning i allmennmedisin eller under spesialisering i allmennmedisin
- Norsk autorisasjon som lege
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
- Må ha førarkort og disponere eigen bil
- Relevant erfaring
- Førarkort klasse B
- God framstillingsevne i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Fleksibel og erfaring med å takle akutte situasjonar
- Positiv innstilling og fagleg engasjement
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidseigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert
Me tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver
- Fastløn etter avtale og kvalifikasjonar
- Kontortid frå 08:00 -- 15:30
- Avsett konsultasjonstid på 30 minutt per pasient, dette for å sikre nok tid til skrivearbeid
- 4 veker permisjon med løn i året til fagleg utvikling og kompetanseheving
- 2 x 5 dagar ekstra fri med løn per år til utdanning/kurs
- Allsidig pasientgruppe
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Attestar og vitnemål må leggast ved den elektronisk søknaden.
Kviteseid kommune er opptatt av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i samfunnet. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifisert til å søke uansett alder, kjønn, eventuell funksjonshemming, seksuell orientering, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1780833
- Sist endret
11. desember 2021
- Hentet fra
Kommuner.i.Telemark
- Referanse
/fastlege-kviteseid-helsesenter-id-1132.6415711-480321.html