Ledig stilling i Etne kommune
Etne kommune Miljøarbeidstenesta
Gjerdsrabbane 25, 5590 Etne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar miljøarbeidstenesta
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Etne kommune har ledig 100 % fast avdelingsleiarstilling i miljøarbeidstenesta. Me søkjer deg som vil vera med å bidra til kvalitet og utvikling av tenestene til innbyggjarane våre. Miljøarbeidstenesta yt tilrettelagde tenester etter helse- og omsorgstenestelova, som mellom anna avlasting, støttekontakt og miljøarbeid for heimebuande og bebuarar i heildøgnsbemanna bufellesskap.
Arbeidsoppgåver
- Leiing og dagleg drift
- Personalleiing, inkludert oppfølging av arbeidsmiljø, HMS og fagleg utvikling
- Budsjett og økonomioppfølging
- Turnus
- Utvikle tenesta i tråd med eininga sin plan og sentrale og nasjonale føringar
- Sikre kvalitet, brukarmedverknad og fagleg utvikling i tenestetilbodet
- Tilrettelegging for god kommunikasjon med pårørande, brukarar og tilsette
- Samarbeid med andre einingar og eksterne aktørar for å sikre heilskaplege tenester
Kvalifikasjonar
- Krav om bachelor vernepleiar eller sjukepleiar
- Leiarerfaring og/eller leiarutdanning er ønskeleg
- Erfaring frå liknande tenester, turnusarbeid samt legemiddelhandtering er ønskeleg
- Kjennskap til offentleg forvaltning og gjeldande regelverk innan helse- og omsorgssenter er ønskeleg
- Generell god digitalkompetanse er ønskeleg
Eigenskapar
- Du er engasjert, positiv og løysningsorientert
- Evne til å arbeide strukturert, målretta og med høg grad av sjølvstende
- Du har gode relasjonsferdigheiter med evne til å motivere og engasjere medarbeidarar
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Strukturert, resultat- og kvalitetsorientert
- Evne til å utvikle ved å balansere gode tenester opp mot ressursane som me til ei kvar tid forvaltar
- Evne til å handtere uventa situasjonar
- Personlege eigenskapar vil vektleggast
Me tilbyr
- Ei utfordrande og meiningsfull leiarstilling i ein spennande sektor
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Løn etter avtale
- Gode pensjonsordningar
Annan informasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2794686
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3430115_214835_nn