Seksjonsleiar
Medisinsk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6100 Volda
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Du finn Volda midt i det beste Noreg kan tilby av fjord og fjell. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi tilbyr også eit særs blomstrande kultur og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her: https://youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY
Medisinsk sengepost Volda har ledig fast stilling som seksjonsleiar frå 01.07.2024.
Sengeposten har 30 sengeplassar og tek imot pasientar med eit stort spekter av diagnosar. Dette er ein arbeidsplass med god breidde i kompetanse.
Seksjonsleiar er med i klinikken si leiargruppe og samarbeider tett med dei andre seksjonsleiarane i Klinikk Volda. Klinikksjef er næraste overordna.
Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg drift i seksjonen og samarbeid med andre seksjonar
- Fag-, personal- og resultatansvar
- Ansvar for ressursstyring, sikre fagleg forsvarlege tenester, pasienttryggleik og kvalitet i seksjonen
- Utvikle mål og handlingsplanar innanfor gjeldande rammer og strategiar
- Aktiv deltaking i leiargruppa i klinikken
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter ein leiar med sjukepleiefagleg utdanning
- Relevant leiarutdanning eller leiarerfaring vert vektlagt
- Det er ønskjeleg med relevant klinisk erfaring frå fagområdet
- God datakompetanse
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er ein synleg og tydleg leiar for dine tilsette
- Du kan motivere og inspirere andre
- Du kan arbeide i team med ulike profesjonar
- Du er endringsvillig og handlekraftig
- Du er nytenkande og løysingsorientert
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Øyvind Nytun, Klinikksjef, 92807372Arbeidssted
Kløvertunvegen 16100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4801357315
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
Vi minner om at du kan få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Vi vurderer ei slik oppmoding og tar kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2626699
- Sist endret
6. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5623812d63c24bf4911558159082a6c6