Bu- og avlastningstenesta søker etter
Sunnfjord kommune Helse- og sosial
Sunnfjord
Om jobben
Stillingstittel
Einingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 2. januar
Sunnfjord kommune søkjer no etter einingsleiar for ein tverrfagleg samansett stab ved Avlastningstenesta, som består av vernepleiarar, sjukepleiarar, barnehagelærarar, helsefagarbeidarar og barne- og ungdomsarbeidarar m.m.
Sunnfjord kommune ligg midt i mellom Bergen og Ålesund. Kommunen har ca. 22 400 innbyggarar, og vart ein kommune i 2020 etter samanslåing av 4 kommunar. Sunnfjord kommune har nyleg vedteke førebyggande plan for barn og unge, der kommunen har vedteke felles samhandlingsmodell for tenestene til barn og unge i Sunnfjord kommune.
Avlastningstenesta i Sunnfjord kommune fekk nytt bygg i 2021, der det er plass til 7 barn til overnatting, og 4 førsteheimsbustader for unge vaksne. For tida er det om lag 30 barn som er innom tenesta i løpet av ein månad.
Eininga yt tenester til familiar med barn med omfattande hjelpebehov. Nokre overnattar andre ikkje. Dei yngste barna har heimebasert avlastning. Eininga samarbeider tett med barnehagar og skular, og nokre av barna er på avlastninga på dagtid.
Eininga har varierande oppdrag, og no i dag har vi om lag 20 årsverk fordelt på heile døgeret.
Einingsleiar har ansvar for den totale drifta av Avlastningstenesta. Dette inneber blant anna ansvar for personal, økonomi og fag.
Vi søker no etter:
Kvalifikasjonar:
- 3 årig helse og sosialfagleg utdanning
- erfaring frå liknande fagfelt
- leiarerfaring
- god IKT- kompetanse
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- godkjent politiattest
Ønskeleg med:
- vidareutdanning innan helse- og sosialadministrasjon, evt. anna relevant leiarutdanning
- erfaring innan økonomi og budsjettansvar
- erfaring frå samhandlingsarbeid
Vi søker deg som:
- er utviklingsorientert, initiativrik
- er engasjert i fagfeltet og har evne til å motivere
- har gode samarbeidsevner og kan jobbe tverrfagleg og tverrsektorielt
- er ein tydeleg leiar med gjennomføringsevne
- har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø
- er lagspelar med fagleg autoritet innanfor ansvarsområdet
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2814788
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3441685_143413_nn