Ingeniør
Vil du bli ein del av vårt team på teknisk avdeling?
Er du ho som naila det å teikne i perspektiv på barneskulen? Eller han som kunne sitte i timesvis på barnerommet og bygge lego?
Om du kjenner deg igjen i dette, er det kanskje deg vi ser etter!
Eit rekkverk er ikkje berre eit rekkverk, men skal bidra til å redde liv i trafikken. Vi treng di hjelp for å nå visjonen om 0 drepte og hardt skadde i trafikken!
Om stillinga
Hovudoppgåver vil vere:
- Utarbeide teknisk underlag for vår eigen produksjon.
- Jobbe for kontinuerleg forbetring av teikningar og system.
- Delta i utviklingsprosjekt, nyskaping og innovasjon.
Kven vi ser etter
Vi ser etter deg som:
- Har teknisk kompetanse eller teknisk innsikt.
- Jobbar strukturert.
- Har gode kommunikasjonsevner, gode haldningar og lyst til å lære!
Det er ein fordel om du har utdanning og/eller erfaring innanfor teknisk teikning, ingeniørarbeid eller tilsvarande.
Dersom du har driv til å vere med på veg framover, integritet til å navigere handlingane dine etter og omtanke for folk, så passar du godt inn hos oss!
Om søknaden
Søknad, CV og relevante vedlegg sendast via lenke på denne sida. Har du spørsmål om utfylling av CV? Kontakt gjerne Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt gjerne avdelingsleiar Jan Olav Hoggen, tlf. 951 70 854.
Flytte til Ørsta?
Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Ørsta staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Ørsta ligg sentralt til på Sunnmøre, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren.
I tillegg er regionen kjend for sitt sterke næringsliv, med moglegheit for personleg og profesjonell utvikling. Med lokal flyplass er vegen kort til resten av verda.
Ørsta og Sunnmøre er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din?
Stolte av produkta våre spør du?
- Eg er litt stolt av at vi lagar dette her. Og det trur eg borna mine også er.
Gode Kjell! Og Katrin. Og Egil Johan. Og Leifen. Og alle andre fine folk i Vik Ørsta!
75 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet. Klart det er lov å vere stolt. Vi går for 75 år til. Minst!
Video: Nanseth Media
Om bedriften
Vik Ørsta er leiande industri- og kunnskapsbedrift med produkt innan marknadsområda Lysmast, Rekkverk, Bergsikring, Marina og Design. Bedrifta er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre med ca. 270 tilsette.
Les meir om Vik Ørsta på www.vikorsta.no
Vik Ørsta er det største enkeltselskapet i Saferoad-konsernet. Saferoad er med på å legge premissane og utvikle framtida sine infrastrukturløysingar for å auke sikkerheita til trafikantane. Konsernet har 2500 medarbeidarar i 13 land.
Les meir om Saferoad på www.saferoad.com