Stovevakt på langtidsavdeling - Vangsheimen
Org. nr: 961382246 Stillingsident: 4438332792 Presentasjon av stillingen:
Vang kommune har sommaren 2021 hatt god erfaring med unge besøksvertar på avdelinga (stovevakt - betalt arbeid). Me ser at generasjonsmøter og aktivitetar/samhandling i små grupper/1 til 1 har stor verdi for våre pasientar.
Samstundes håpar me at ungdommar får kjennskap til og interesse for helse - og omsorgsfaget som gjer til at dei kan ta informerte utdanningsval seinare - og sjølvsagt gjerne innan helse og omsorg!
Me ynskjer derfor å vidareføre prosjektet over 1 år, og søkjer etter ungdommar som vil ha kveldsvakter på helg (14.50 til 21.00 lørdag og søndag). Det kan også bli aktuelt med stovevakt som sommarjobb sommaren 2022. Me er fleksible på frekvensen av arbeidet, det kan vere aktuelt å arbeide både lørdag og søndag, eller berre ein av dagane, enten kvar 2 eller 3 helg. Skriv gjerne kva du ser for deg i søknaden!
Arbeidsoppgåver
- Aktivitetar og dialog på stove
- Opplæring vert gitt
Kvalifikasjonar
- Alder: frå 10.klasse til og med vidaregåande skule
Personlege eigenskapar
- Utadvendt
- Tar initativ
- Lærevillig
- Omsorgsfull
- Pliktoppfyllande
- Gjerne interesse for helsefaget
Vi tilbyr
- Interessante og meiningsfulle arbeidsoppgåver eit godt arbeidsmiljø med engasjerte
medarbeidarar - Løn etter tariff
Kontaktinformasjon
Stine Solemsli, Leiar , 61369540 , Stine.solemsli@vang.kommune.no
Arbeidssted
Tyinvegen 5150
2975 Vang i Valdres
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vang Kommune
Referansenr.:4438332792
Stillingsprosent: 19%
Engasjement
Om bedriften
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.