Fastlege / lege i spesialisering
Osterøy kommune
Valestrand legekontor, 5281 Valestrandsfossen
Om jobben
Stillingstittel
Fastlege / lege i spesialisering 3.gongsutlysning
Type ansettelse
Fast, heltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Ein av våre dyktige legar på Valestrand legekontor har sagt opp sin fastlegeheimel og denne står ledig i dag. Valestrand legekontor har til saman 3 stillingsheimlar og er organisert som eit DA. Kontoret har 3 helsesekretærar i 3 årsverk. Osterøy har i tillegg eit legesenter i Lonevåg med 3 stillingsheimlar. Pr i dag har kommunen to LIS 1 legar. Ein heimel ved kvart kontor er i ALIS løp.
Journalsystemet er InfoDoc
Osterøy kommune har to legekontor med til saman 6 fastlegar. Kommuneoverlegen på Osterøy har delt stilling, 40 % som kommuneoverlege og 60 % som sjukeheimslege ved Osterøytunet.
Ny heimelsinnehavar må kjøpe seg inn i legesenteret sitt etablerte kontorfellesskap. Vilkår for overdraging av praksis må avtalast med noverande heimelsinnehavar.
Fastlegepraksis i kommunen skal drivast etter Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester, fastlegeforskrifen og anna relevant helselovgjeving, på dei vilkår som framgår av ASA 4310, samt lokale føringar gitt av kommunen. Tildeling av avtaleheimel følger av ASA 4310. Merk at heimel blir tildelt som eit enkeltvedtak etter forvaltningsloven, der andre søkjarar kan ha innsynsrett i m.a CV og søknadsdokument om dei har relevans i grunngjevinga.
Arbeidsoppgåver
- Listelengda er på 1286
- Kommunen deltek i interkommunal legevakt og innehavar av heimel pliktar å delta i denne på kveld og helg
- På dagtid er det kommunal legevakt som legen deltek i saman med dei andre legane på Osterøy
Kvalifikasjonskrav
- Krav om norsk autorisasjon
- Krav om godkjent LIS1 eller tilsvarande med rett til trygderefusjon
- Spesialist i allmennmedisin eller påbegynt vidareutdanning i allmennmedisin – evt starte i ALIS løp
- Erfaring frå allmennmedisin vil bli vektlagt saman med relevante spesialitetar
- Søkjarar må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gyldig førarkort
Personlege eigenskapar
- Interesse for privat drifta legeteneste
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
- Evne til å bidra til utvikling og kvalitetsforbetring innan området
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i tildelinga av heimelen
Vi tilbyr
- Jamnlege allmennlegemøter med dei andre fastlegane
- Godt fungerande samarbeidsutval med kommuneoverlege og kommuneleiing
- Dyktige og erfarne kollegaer ved kontoret
- Korte tenesteliner og godt samarbeid med den kommunale helse- og omsorgstenesta
Spørsmål om stillinga
- Kommuneoverlege Anita Sørtveit, telefon 97 00 02 26, mail: anita.sortveit@osteroy.kommune.no
- Kommunalsjef Helse, omsorg og sosial Kristin Ruud Myking, telefon 99 01 00 87, mail:kristin.ruud.myking@osteroy.kommune.no
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2603244
- Sist endret
13. april 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10203212