Lærar 100% fast, mellomtrinnet
Vindafjord kommune Skjold skule
Vikanesvegen 4, 5574 Skjold, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærarstilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 2. januar
Skjold skule er på jakt etter ein ny kollega og lærar. Kan dette vere deg? Me har ledig 100 %, fast stilling ved Skjold skule, stillinga er ledig frå 1. april 2025.
Hovudarbeidsoppgåver:- Kontaktlærar
- Oppfølging av elevenes faglege og sosiale utvikling på mellomsteget.
- Allmennlærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning.
- Det er eit ynskje at den som blir tilsett kan undervisa i norsk, engelsk og spansk.
Me ynskjer ein dyktig pedagog som likar å arbeide med elevar.
- Tydeleg klasseledar
- Eit inkluderande og positivt elevsyn. Engasjement for barn er ein føresetnad.
- Evne til å tenkja nytt og opptatt av pedagogisk utvikling
- Strukturert og sjølvstendig
- God relasjonskompetanse
- Fleksibel og løysningorientert
- Positiv og utviklingsorientert
- Evne til å bygge gode relasjonar til eleven og føresette
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Personleg eigenhet vektlegges særleg.
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Tilbod om gunstig mobilabonnement
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2814666
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3442155_228563_nn