Lærar - 2.gongs utlysing
Luster kommune Hafslo barne- og ungdomsskule
Tangvegen 7, 6869 Hafslo
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Stillingsinformasjon:
- Hafslo barne- og ungdomskule har ledig inntil 100 % årsvikariat frå 01.08.2024
Arbeidsoppgåver
Undervisning på både barne- og ungdomsskule og utføre oppgåver i tråd med gjeldande regelverk
Sentrale ansvarsområde:
- Undervisning i aktuelle fag og spesialundervisning i enkelte fag og klassar
- Klasseleiing
- Tilsyn med elevar inne og ute
- Loggføring og samarbeid på skulen sine digitale plattformar
- Samarbeid med kollegaer og føresette
- Delta og bidra i utviklingsarbeid ved skulen
- Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Me ynskjer gode klasseleiarar og helst med erfaring frå klasserommet
- Må ha kvalifikasjonar som tilfredsstillar kompetansekrava for å undervise i grunnskulen, GLU 1-7 eller GLU 5 –10
- Me ynskjer søkjarar med studiekompetanse på minst 30 studiepoeng i norsk, matematikk, engelsk
Personlege eigenskapar:
- Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
- Delta i teamsamarbeid og vere samarbeidsfokusert
- Engasjement for, og evne til, å samarbeide med elevar, kollegaer og føresette
- Evne til å sjå barna sine behov og engasjement for å skape eit trygt og godt læringsmiljø
- Fleksibilitet- vere løysningsorientert i ein hektisk kvardag
- Ta ansvar, syne omsorg og respekt for kvarandre
- Evne til sjølvstendig arbeid
Me tilbyr:
- Teamsamarbeid med fokus på kvarandre sine styrker. Ingen skal stå åleine i utfordringane
- Eit utviklande fagmiljø som er flinke til å samarbeide og dele med kvarandre
- Arbeidsplass i opent kontorlandskap
- Klasseteam der ein samarbeider tett
- Gode og romslege lokalitetar både inne og ute
- Indre Sogn sitt flottaste personalrom
- Nyutdanna og nytilsette vert godt ivareteken med nedsett leseplikt og mentor
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar:
- Dersom det dukkar opp andre ledige stillingar ved ein av skulane i Luster, kan du bli kontakta om desse
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Hafslo barne- og ungdomsskule ligg sentralt i Hafslo sentrum, nede ved Hafslovatnet. Skulen er ein 1-10 skule, og har jamt over elevtal på 210 og ca. 40 tilsette i skule og SFO. I SFO er det mellom 40 - 50 born. Skulen vår er ein lærande organisasjon, der me er praksiskule og Lærarutdanningsskule for Høgskulen på Vestlandet. Skulen sin visjon er "Me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø" Skulen jobbar etter PALS-modellen der stikkorda ansvar, omsorg og respekt er viktige verdiar. Hafslo barne- og ungdomsskule er oppteken av fysisk aktivitet og har lang tradisjon med å nytte den flotte naturen skulen har lett tilgjengeleg.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2594475
- Sist endret
3. april 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3320449_219717_nn