Helgestilling nattevakt
Gulen kommune
Gulafjordvegen 1521, 5960 Dalsøyra, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøtenesta. Tilsetjing helgestilling nattevakt frå snarast
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. januar
Om stillinga
Miljøtenesta gjev tiltak og teneste til menneske med psykisk utviklingshemming. Tilbodet omfattar alt frå tenester heile døgnet til lettare miljøtenester for andre. Nokre av brukarane får sine tenester med utgangspunkt i eigen bustad.
Gulen kommune har i dag ledig i inntil 26% fast helgestilling på natt, frå snarast. Miljøtenesta har base på Dalsøyra, men yter bistand i heile kommunen. Stillinga er i utgangspunktet knytt til Dalsøyra, men arbeid andre stadar kan også verte aktuelt.
Ta kontakt med einingsleiar Miljøtenesta (kontaktperson i annonsen) ved spørsmål.Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar, fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande.
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og bidra til å skape ein trygg og god kvardag for dei.
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Vi har frå juli 2023 innført ekstra helgetillegg på 50 kr/time, i tillegg til tariff, med evaluering husten 2024.
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted