Vi søker radiograf til mammografi
Radiologi Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Radiograf
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Har du lyst til å jobbe som radiograf ved Haugesund sjukehus?
Ved Radiologisk eining i Haugesund tilbyr vi eit breitt spekter av tenester, inkludert røntgen, CT, MR, ultralyd, mammografi, intervensjonsradiologi og nukleærmedisin.
Vi ser no etter ein engasjert radiograf som kan fylle ei fast 100% dagstilling i mammografi.
Vi tilbyr ein interessant jobb der du får jobbe i eit aktivt og lærerikt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåvene hos oss vil være
- Arbeid i dagstilling på Brystdiagnostisk senter
- Må vere villig til å rullere på andre modaliteter når det er lavproduksjon
- Være med på mammografibussen
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som radiograf
- Beherske norsk språk godt munnleg og skriftleg
- Erfaring med klinisk mammografi og mammografiscreening blir foretrukket
- Radiografer med faglig interesse for mammografi og som ønsker opplæring på mammografi kan bli vurdert
- Videreutdanning i fagområdet er ein fordel
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- har motivasjon og interesse for fagfeltet
- har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- er punktleg og påliteleg
- greier å få fram det beste i dine kolleger
- har evne til å kunne prioritere, være tydelig og ta avgjørelser
- kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Personlege eigenskapar vil bli vektlagte
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Elin Hetland, Funksjonsleiar, +47 52732273Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4758792931
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2024
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2543634
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cfe1d144c37242c58d68a39f21a4af6e