Ledig stilling
Lærdal kommune Pleie og omsorg
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Brukarstyrt personleg assistent
Type ansettelse
Fast, deltid 30%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. desember
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Me har 30% fast stilling som brukarstyrt personleg assistent. Stillinga er hjå ei dame.Stillinga kan kombinerast med 70% stilling i heimebasert omsorg slik at stillinga vert 100%.
I tillegg treng me tilkallingsvikarar til same tiltak.
I stillinga vil du:- inngå i turnus saman med andre
- arbeidstida er hovudsakleg på utvalde vekedagar frå kl 10.30-16.00
- må pårekne noko vakter på ettermiddag/kveld ved planlagde reiser
Arbeidsoppgåvene er allsidige med både praktiske og personlege gjeremål. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar som:
- positiv haldning
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- fleksibilitet og løysingsorientert
- evne og ynskje om å tileigne seg ny kunnskap og nytte dette aktivt i arbeidet
- gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, minimum B2
- like å lage mat
- rydding og erfaring med hushald
- førarkort kl B
Me søkjer ein person som er positiv, motiverande og har godt humør.
Me kan tilby:- opplæring
- meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
- god pensjons- og forsikringsordning
Den som vert tilsett må leggje fram gyldig politiattest (ikkje eldre enn 3 månader). Politiattest skal ikkje leggjast ved søknaden, men ved tilsetjing.
Lønnsvilkår:- lønn etter tariff
- pensjonsordning med 2 % innbetaling til KLP
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2794699
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3430139_228185_nn