Spesialsjukepleiar ved akutteam ved Øyane DPS
Øyane distriktspsykiatriske senter / Øyane allmenpsykiatriske poliklinikk 2, Helse Bergen
Blombakkane 75, 5354 Straume, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar ved akutteam ved Øyane DPS
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 25. februar
Øyane DPS har sektoransvar for kommunane Askøy og Øygarden. Området har 70 000 innbyggjarar og har hatt sterk befolkningsvekst. Vi er lokalisert i flotte lokale på Straume, om lag 15 minuttars køyring frå Bergen sentrum. Her finn du to sengepostar, allmennpsykiatrisk seksjon med 8 plassar og seksjon for psykoselidingar med 8 plassar. Vidare har vi rehabiliteringspoliklinikk/ FACT og ein allmennpsykiatrisk poliklinikk med tilhøyrande akuttteam.
AT er organisert under allmennpsykiatrisk poliklinikk. Det er eit tverrfagleg team med psykolog, psykiatriske sjukepleiarar, ein LiS og overlege. Vi har som oppgåve å gje rask poliklinisk vurdering samt kortvarig oppfølging av pasientar i akutt psykososial krise eller med alvorlig psykisk liding som krev oppfølging på spesialhelsetenestenivå.
Arbeidstid er for tida 0800 - 1530 på kvardagar, kan verte pårekna noko meirarbeid utover ordinær arbeidstid. Det er tidvis ambulant verksemd, og heimebesøk ved behov.
Arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg teamarbeid, observasjon, kartlegging og behandling
- Vurderingssamtalar saman med lege og psykolog
- Kontakt med samarbeidspartar, pårørande og andre aktuelle
- Samarbeid med andre seksjonar ved Øyane DPS og Helse Bergen
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar med relevant vidareutdanning
- Relevant erfaring
- Særskild kompetanse vil bli lagt vekt på
- Søkjarar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg
- Førarkort i klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er robust og toler å hjelpe menneske i sårbare livssituasjonar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har engasjement for pasientgruppa og ønskjer vere med å vidareutvikle tenesta
- Det vil bli lagt vekt på personleg egnetheit
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Liv Åse Dybdal, Klinikkdirektør, 56326600Arbeidsstad
Blombakkane 755354 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4920681990
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Liv Åse Dybdal
Klinikkdirektør
56326600
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2859232
- Hentet fra
talentech
- Referanse
436d1936084c440a9dd4cca7bfa0e72e