Seksjonsleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4190154666 Presentasjon av stillingen:
Seksjon for kreftgenomikk blir ei nyoppretta eining i Laboratorieklinikken med ansvar for avansert molekylær kreftdiagnostikk. Seksjonen er ein av åtte einingar i Laboratorieklinikken og seksjonsleiar rapporterer til klinikkdirektør. Seksjon for kreftgenomikk skal samarbeide med Avdeling for patologi, Avdeling for medisinsk genetikk, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft, Seksjon for bioinformatikk og Biobank Haukeland. Dei tilsette vil ha ulik yrkesfagleg bakgrunn med høg fagleg kompetanse (bioingeniørar, legar og molekylæbiologar). Kreftgenomikk er eit fagfelt under rask utvikling og det er aukande etterspurnad etter våre tenester. Laboratorieklinikken har stor forskingsverksemd og eit godt tverrfagleg samarbeid med Universitetet i Bergen, kliniske avdelingar og nasjonale- og internasjonale institusjonar.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for organisering og drift av seksjonen
- Overordna personalansvar for tilsette
- Ansvar for å utvikle det diagnostiske tilbodet i tråd med Laboratoreklinikken sin strategi
- Leggje til rette for forsking og utprøvande diagnostikk, samt kliniske studiar
- Ansvar for god samhandling med andre avdelingar, andre sjukehus, nasjonale- og internasjonale institusjonar og universitet
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg/laboratoriefagleg utdanning på høgskule/universitetsnivå. Relevant doktorgrad er ein fordel
- Leiarerfaring og/eller erfaring frå forskingsleiing er ein fordel
- Kunnskap om- og erfaring med teknologi frå tilsvarande verksemd
- God innsikt i nasjonale- og internasjonale utviklingstrekk innan avansert molekylær diagnostikk av maligne blodsjukdomar og solide svulstar
- Erfaring frå samarbeid på tvers av institusjonar og avdelingar
- Må meistre skandinavisk språk både munnleg og skriftleg
Utdanningsretning
- Laboratoriefag
- Biologi
- Medisin
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
- Høgskule/universitet, doktorgrad
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å motivere medarbeidarane
- Høg gjennomføringsevne, strategisk og målretta
- Endringsvillig
- Må trivast i eit tverrfagleg og aktivt miljø under oppbygging
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Vi tilbyr løn etter avtale
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Høgt fagleg nivå
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Anne Grete Thue, Kst. klinikkdirektør, (+47) 55 97 31 19
Gunnar Mellgren, Klinikkdirektør (perm), (+47) 91132124
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4190154666
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.03.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.