Bioingeniør/Cytologiscreener - Patologi Ålesund
Presentasjon av stillinga:
**Klinikk for diagnostikk - Avdeling for patologi, Patologi Ålesund
Patologi Ålesund har ledig to faste stillingar som cytodiagnostiker (screener) i henholdsvis 100% og 80% stilling. Stillingane er ledig frå 01.05.2019.**
Avdeling for patologi er organisert under Klinikk for diagnostikk og har to seksjonar: Patologi Ålesund og Patologi Molde. Seksjonen i Ålesund har p.t. 1 overlege i patologi, 2 legar i spesialisering, 4,8 stillingar som cytodiagnostikar (Molde + Ålesund), bioingeniørar, sekretærar og autopsiteknikar. Pr år mottar seksjonen 20 000 cytologiprøver og 17 000 histologiprøver.
Arbeidet ved fagområdet cytologi omfattar mikroskopering av ulike typer cytologiske materiale, vurdering av kvalitet ved punksjonscytologi og noko laboratorie-arbeid.
Frå 1. januar 2019 starta seksjonen ein gradvis og randomisert innføring av primær HPV-screening for Møre og Romsdal. Kompetanse innan cytologi er og vil fortsatt vere svært viktig, men fleksibilitet og vilje til å lære andre områder innan patologi-faget vil bli lagt vekt på.
Ein søkjer person med erfaring som cytodiagnostikar og eksamen i klinisk cytologi, men det kan også vere aktuelt å gjennomføre opplæring.
Ved opplæring må søkjar vere svært interessert/motivert, og bindingstid kan vere aktuelt. Etter evt. opplæring må søkjar forvente å gjennomføre eksamen i klinisk cytologi.
Kvalifikasjonar
- Autorisert bioingeniør, eller tilsvarande
- Eksamen i klinisk cytologi, eller tilsvarande
Utdanningsretning
- Laboratoriefag
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet
Personlege Eigenskapar
- Gode evner til samarbeid
- Strukturert og nøyaktig
- Kunne trivast med høgt arbeidstempo
- Den som vert tilsett, må kunne norsk språk skriftleg og munnleg for forsvarleg yrkesutøving
Vi tilbyr
-
Spanande arbeid i eit godt arbeidsmiljø
-
Løn i samsvar med gjeldande avtale
-
Medlemskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
-
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
-
Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25).
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV
Kontaktinformasjon
Hilde Guttormsen, Seksjonsleiar, (+47) 70 10 66 37, Hilde.Guttormsen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Møre og Romsdal HF
Ref. nr.:2019/1369
Stillingsbrøk: 100, 80%
Fast
Tal på stillingar: 2
Søknadsfrist: 15.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4030895974&company_id=3638660921&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere 'På lag med deg for helsa di'. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.