Rådgjevar 100 % fast stilling
Org. nr: - Stillingsident: 4197089759 Presentasjon av stillingen:
Vi treng ein dyktig rådgjevar - er det deg?
Vi har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar ved Sykkylven ungdomsskule frå 01.08.2020.
Stillinga er todelt med 50 % rådgjeving og 50 % undervisning.
Menn vert oppmoda om å søkje stillinga.
Arbeidsstad
Sykkylven ungdomsskule har rundt 300 elevar og 45 tilsette. På Sykkylven ungdomsskule skal alle elevar føle seg verdsett og respektert. Dei skal vere aktive deltakarar i ein skule der dei lærer å ta ansvar og oppleve mestring. Elevane skal utvikle evnene sine sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Sykkylven ungdomsskule:
- Har eit godt og inkluderende skulemiljø med høg trivsel blant elevar og lærarar
- Har et høgt utdanna og utviklingsorientert personale
- Lærarane er organiserte i team, der teamleiarane inngår i plangruppa som saman med leiinga legg planar for det pedagogiske arbeidet.
- Praksisskule for studentar
- MOT-skule
- Har Chromebook 1:1
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du nyttar elektronisk søknad. Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene som rådgjevar inneber:
- Rådgjeving og rettleiing som er knytt til val av yrke og utdanning etter 10. klasse
- Må ha oppdatert informasjon om vala elevane kan gjere, inkludert alternative løp
- Gi elevane opplæring i å finne og orientere seg i informasjon om val av yrke og utdanning
- Gi informasjon om søknadsfristar og inntaksvilkår.
- Ha ansvaret for søknadsprosessen
- Samarbeide med ulike personar og instansar på skulen
- Trekke inn eksterne samarbeidspartnarar for å gje elevane best mogleg informasjon. Aktuelle samarbeidspartnarar er til dømes andre utdanningsnivå, lokalt næringsliv og heimen.
Arbeidsoppgåvene som lærar inneber:
- Undervisning som timelærar i ulike klassar og grupper.
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse for ungdomssteget.
- Digital kompetanse
- Erfaring frå liknande stilling vil kunne telle positivt.
- Rådgjevarutdanning er ønskjeleg
- Den som blir tilsett må meistre norsk munnleg og skriftleg. Søkjar må også kunne nytte nynorsk.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er dyktig til å jobbe strukturert, og følgje planar og fristar på kort og lang sikt
- er positiv og entusiastisk, sjølv i vanskelige situasjonar
- relaterer deg til andre på ein open og aksepterande måte, og får andre til å føle seg velkomen.
- er god til å lytte
- gir prosjekt retning og driv, og motiverer til samarbeid og samhandling på ein positiv måte
- er fleksibel og løysingsorientert
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100 %
- Godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
- Ein arbeidsplass der det er lett å føle seg velkommen
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk:
- Løn etter avtale/tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låneordningar
- Gode forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Randi Løseth Aasen, Einingsleiar, 70254900, randi.loseth@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Sykkylven ungdomsskule
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4197089759
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 10.03.2020
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.