Viti har no ledige stillingar som sommervert på Sunnmøre museum
Viti har no ledige stillingar som sommarvert på Sunnmøre museum. Vi søkjer etter sommarvertar for perioden 17 juni - 18. august.
Sentrale arbeidsoppgåver
- Betene resepsjon / butikk og yte service
- Mottak av cruisegrupper og andre publikumsgrupper
- Tillaging og sal av mat i kafeen
- Opning og stenging av museet
- Kassaoppgjer
- Informere gjestane om museet
Ønska kvalifikasjonar:
- Interesse for kulturarv
- Imøtekomande
- Serviceinnstilt
- Punktleg
- Erfaring med ulike kassasystem og publikumskontakt
- Gode planleggingsevner
- Kunne ta ansvar for eigne oppgåver
- Over 18 år
- Språk utover norsk og engelsk vil telle positivt
- Personlege eigenskapar og erfaring blir vektlagt.
Vi kan tilby:
- Eit triveleg arbeidsmiljø med mange mogelegheiter.
- Løn i stillingskode 1078 betjent frå 374 000,- til 418 500,- ut frå kvalifikasjonar, ansiennitet og erfaring.
- Medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.
Dei første 2 vekene er prøvetid.
Søknadsfrist: 19.april
Send ein kortfatta søknad med CV til post@vitimusea.no Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer då referansar og attestar.
Stillingane ligg i avdeling for administrasjon og publikumsmottak.
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.
Om bedriften
Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er ein profesjonell vitskapleg institusjon med i overkant av 60 tilsette og mange frivillige. Viti er organisert i 3 museumsfagavdelingar; kulturhistorisk avdeling, avdeling for samlingsforvaltning og kunstfagleg avdeling. I tillegg kjem administrasjonsavdelinga. Administrasjonen ligg i Ålesund, og dei spesialiserte museumsarenaene ligg i kommunane Ålesund, Sykkylven, Volda og Ørsta. Samlingane omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, samtidskunstkunst, jugendstil og folkemusikk..