ID 1964 Fysioterapeutar - Eining for aktivitet og re-/habilitering
Fysio- og ergoterapiavdelinga i Stord kommune er organisert i Eining for aktivitet og re/habilitering med kontor sentralt i Leirvik. Eininga er ein aktiv og spennande arbeidsplass i tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper, og med ulike instansar. Me kan tilby varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø. Vår visjon er at fleire er aktive og sjølvstendige i eige liv.
Me har følgande stillingar ledig:
- 100% fast stilling som fysioterapeut frå snarast
- 100% fast stilling som fysioterapeut frå 13.03.23
- 100% svangerskapsvikariat som fysioterapeut frå 20.06.23-05.03.24
Fysioterapeuten skal bidra i eit tverrfagleg, samordna og samhandlande tenestetilbod. Arbeidsområdet er retta mot rehabilitering, førebygging og behandling av vaksne og eldre. Individuell oppfølging av pasientar, tverrfagleg samarbeid og leiing av grupper vil vere viktige oppgåver i stillinga.
Fysioterapeutar tilsett i kommunen gir tilbod til innbyggjarar som ikkje kan nytte institutt, til dei som bur på institusjon og bistand til hjelpemiddelformidling. Behandling vert gitt individuelt eller i gruppe. Me gir også tilbod i varmtvassbasseng.
Eininga planlegg eit prosjekt knytt til rehabiliteringskoordinator for å sikre gode rehabiliteringsforløp for innbyggjarane i kommunen. Ein av dei utlyste stillingane kan difor innebera ei rolle som rehabiliteringskoordinator i prosjektperioden, i tillegg til arbeid som kommunal fysioterapeut.
Me ynskjer ein kollega som er fleksibel, som kan samarbeide, og har gode kommunikasjonsevne. Kontinuitet i tenestene vert vektlagt.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert fysioterapeut
- Erfaring frå kommunale fysioterapitenenester, hjelpemiddelformidling og
- rehabilitering
- Rettleiingskompetanse
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Kompetanse og erfaring som gruppeinstruktør
- Førarkort klasse B
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy
- med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverkk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje
Har du spørsmål ta kontakt med:
Avdelingsleiar Bente Bjelland 411 81 901 eller einingsleiar Kristin Steinsland, tlf: 416 94 266.
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
For nærare opplysningar ta kontakt med Einingsleiar Kristin Steinsland, tlf: 416 94 266.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.