Helgestillingar bufellesskap
Tysnes Kommune
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helgestillingar bufellesskap
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Søk på jobben
Søk senest torsdag 20. mars
Om stillinga
Tysnes kommune har for tida fleire ledige helgestillingar i bufellesskapa våre, både Vågsmarka og Haugen bufellesskap.
I bufellesskapa bur det mennesker med ulike tenestebehov. Me gjer individuell oppfølging av enkeltbrukarar gjennom hjelp og bistand til å bu i eigen bustad. Det er stor variasjon i den enkelte sine interessar, og me arbeidar for å skapa ein god kvardag for alle, både kvar for seg, men me finn òg på fellesaktivitetar saman.
Dersom om du ønskjer å arbeida med fine folk i eit godt arbeidsmiljø, har me ledig fleire helgestillingar frå 13,3-25 prosent med arbeid hver tredje helg i ein kombinasjon av sein- og tidlegvakter.
Stilingane er ledige, men oppstart gjeld etter nærare avtale.
Kva stillinga går ut på
- Oppfølging av beboernes grunnleggende behov gjennom aktivt miljøarbeid
- Motivera og bistå bebuarar i aktiviteter
- Følgja opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Bidra til dagleg drift av praktiske gjeremål i leiligheit og fellesområde
- Bistå til å fremja eit godt arbeidsmiljø
- Andre oppgåver kan bli delegert frå leiar.
Kva kompetanse som er viktig
- Relevant erfaring og kompetanse er ønskjeleg
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram:
- Politiattest (ikkje eldre enn 3 månader), politiattest, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
- Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- er fleksibel og kommuniserar/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- vert motivert av å yta gode tenester til brukarane våre, og kan vera med å gje dei ein stabil og god kvardag
- bidrg til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt ved tilsetjing.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gje gode tenestetilbod og verdige rammer for våre bebuarar? Då trur me du vil trivast hos oss! Hos oss blir du ein del av ei personalgruppa med høgt fagleg fokus, du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Du vil og oppleva ein utfordrande, hektisk og lærerik arbeidskvardag i eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Hos oss får du rammer som sikrar deg ei fornuftig balanse mellom jobb og fritid gjennom årsturnus. Turnusen er to-delt, med arbeid kvar 3.helg. Kommunen har innført ekstra tillegg på bonushelg - ei ordning som blir evaluert årleg. Denne ordninga gjeld fortrinnsvis for dei arbeidsplassane som har årsturnus, pt. er det berre Vågsmarka bufellesskap som har årsturnus. Det vert arbeida for at dette òg skal gjelda for Haugen bufellesskap.
Medlemskap i KLP føl med tilsetjing. Det betyr at du får blant ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søka om bustadlån med gunstige betingelsar. Les meir på KLP sine nettsider.
Me har og ei ordning om stipendavtale for deg som tek ein helsefagleg utdanning og jobbar innan helsesektoren. Les meir om denne avtalen her: Stipendavtale - Tysnes kommune
Du blir tilsett med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsnedsetjing og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktpersoner for stillingen
Cecilie Bjørnevik
Avdelingsleiar Haugen bufellesskap
902 48 052
Benedicte Lundevold
Avdelingsleiar Vågsmarka bufellesskap
976 48 965
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted