Årets sommerjobb! Vi treng engasjerte SUPERinstruktørar til ferieklubb i Nordfjord!
Nordfjordakademiet
6783 Stryn
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeider
Oppstart
20. juni 2024
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Vi treng dyktige SUPERinstruktørar til ferieklubben vår "Jakta på Superkreftene"! I løpet av 6 veker i sommar vil du i eit team på 4 instruktørar vere ansvarleg for ferieklubben. Vi skal ha 2 veker i kommunane Bremanger og Gloppen, ei veke i Stryn kommune og ei veke i Stad kommune.
Vi vil vi vise born i alderen 2. - 4. klasse og ungdom i alderen 8. - 10. klasse ulike yrker gjennom leik. Her er det masse kjekke aktivitetar, og alle instruktørar vil få opplæring og kursing over to heile dagar før oppstart.
DU likar å jobbe med born, er nysgjerrig på læring gjennom leik, har gjerne erfaring frå eller studerar innan born- og ungdomsarbeid eller læraryrket og ønskjer ein aktiv sommar!
Vi kan tilby jobb til opptil 4 - 8 instruktørar i vekene 26 til 32, med fri i veke 29. Vi vil stille med bustad for instruktørane som vil vere med oss gjennom heile sommaren!
Via denne linken ***https://www.nordfjordakademiet.no/sommarjobb/***kan du kort lese om dei ulike tilboda og sjå kva instruktørar vi søkjer til kva - det er absolutt muleg å jobbe for alle slik at ein får ein full sommarjobb. Marker søknad med "full sommerjobb" eller med veker og kommune du ønskjer å jobbe for.
Programmet er pakka og klart, så her er det berre å søkje!
Om bedriften
Om du ønskjer å jobbe, leve og bu i Nordfjord, er det oss du skal kontakte 😍 Vi jobbar tett med både det private og offentlege næringslivet i Nordfjord. Vi ønskjer å vise alle unge som veks opp i Nordfjord dei flotte mulegheitene regionen har å tilby!
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2585830
- Sist endret
27. april 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
0190ba2c-805c-427b-ae3e-509202ff7123