Har du lyst til å jobbe hos oss? Ledig 100 % sjukepleiarstilling i heimesjukepleien i Svelgen/Davikområdet
Org. nr: - Stillingsident: 4186989036 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig ei fast stilling som sjukepleiar inntil 100% i heimesjukepleien, for tida i Svelgen/Davikområdet frå snarast.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter personar med offentleg godkjenning som sjukepleiar.
Den som vert tilsett må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg godt, og like å arbeide i team og vere innstilt på endringar.
Du må ha sertifikat i klasse B.
Den som vert tilsett må vise politiattest av nyare dato.
Vi tilbyr
• God pensjonsordning og heildøgns forsikring.
• Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
Om arbeidsplassen
Heimetenestene i indre del av Bremanger Kommune vart hausten 2019 samordna som ei teneste. Tenesta blir organisert frå Svelgen, med base både i Svelgen og Davik --samt gode velfedstekniske løysingar.
Vi er med i Legevaktspilotprosjektet med SYS-IKL. Sjukepleiarane ved Svelgen Omsorgssenter er ein del av den, men det er opna opp for at sjukepleiarane i heimesjukepleien og kan bli med i piloten.
Vi arbeider for tida i årsturnus med arbeid kvar tredje helg. Dei tilsette har ein stor moglegheit til å kunne påverke arbeids --og fritida si, ved å kome med ønsker i forkant av turnusskrivinga.
Vi har fleire ressursteam, som ein kan fordjupe seg i. M.a. demens, palliativ omsorg, kreft, rehabilitering m.m. Vi har òg innført Kvardagsrehabilitering,.
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode medarbeidarar!
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, 95989310
Arbeidsstad
Granden 1
6723 Svelgen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bremanger kommune
Referansenr.:4186989036
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2020
Søknadsfrist: 27.09.2020
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no