Helsefagarbeidar/hjelpepleiar, assistent, sjukepleiarstudent
Medisinsk sengepost,Lærdal sjukehus, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar/hjelpepleiar, sjukepleiarstudent, assistent
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80.%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Ønskjer du å bu på ein liten plass med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte?
Lærdal sjukehus har ledig stillingar som helsefagarbeiderar/hjelpepleiarar, sjukepleiarstudentar eller assistentar på Medisinsk sengepost:
- 1 x 80% vikariat som helsefagarbeider/hjelpepleiar fram til 31.08.2025 med moglegheit for forlenging.
- 1 x helgestilling med arbeid kvar tredje helg - her kan det også vere aktuelt med assistent/sjukepleiarstudent. Oppstart snarast
Lærdal er ein fin liten stad med store naturopplevingar rett utanfor døra di og det er gode turmoglegheitar for alle. Plasseringa gjer Lærdal til eit knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset. Meir informasjon om Lærdal kan du lese her.
Her har vi eit godt fagmiljø, samstundes er vi ikkje større enn at vi vert godt kjende på tvers av avdelingane. Dette bidreg til eit godt samarbeid i tillegg til gode moglegheiter for å skaffe seg nye bekjente. Vi har fleire sosiale samankomstar gjennom året og ønskjer deg velkommen til å vere med!
Medisinsk sengepost har 14 senger inkludert 2 overvakingssenger. Posten driftar for tida 2 interkommunale senger. 95% av innleggingane er akutt hjelp. Dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar.
Vil du vite meir om stillinga, ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon.
Stillingane er ikkje tenkt skal delast. Spesifiser kva stilling/stillingar du søkjer på.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide i 2-delt turnus, og kvar 3.helg
- Pasientrelatert arbeid
- Ta del i oppgåver som ligg til avdelinga
- Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
- Opplæring og rettleiing av studentar/lærlinger
- Arbeidsoppgåver delegert frå leiar
- Pasientdokumentering
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeider/hjelpepleiar må ha godkjent autorisasjon
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Gode IKT-kunnskapar
- Må kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne
Personlege eigenskapar
- Du har eit godt fagleg og verdimessig pasientperspektiv
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du ønskjer å bidra positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du er fagleg engasjert
- Du jobbar strukturert og målretta
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Personalhytte på Filefjell
- Hjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg)
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar medisinsk sengepost og dialyse, +47 479 06 594
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4818048011
Stillingsprosent: 80, 20%
Vikariat, Fast
Søknadsfrist: 06.06.2024
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2657541
- Sist endret
7. juni 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f50e2252266c404186cdcab6c7a2c25e