Lærar i hest- og hovslagerfag
Møre og Romsdal fylkeskommune
Gjermundnes vidaregåande skule
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid
Ved Gjermundnes vgs er det frå 1. august 2019 ledig ei 100% fast undervisningsstilling
Vi søkjer etter ein dyktig lærar i hest- og hovslagerfag.
Undervisning utgjer ca. 70% av stillinga. Resterande 30% er som stallansvarleg.
Les meir om skulen på nettsida www.gjermundnes.vgs.no.
Du får jobbe med
- undervisning
- rettleiing og oppfølging av elevar
- evt. kontaktlærarrolle
- fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid i samarbeid med andre lærarar
- andre oppgåver som høyrer til lærarrolla
- administrasjon av stalldrifta
For å jobbe hos oss som lærar må du
- ha relevant faglig og pedagogisk utdanning som fyller kompetansekravet for tilsetting som lærar
- beherske norsk språk godt, både skriftleg og muntleg
- kunne undervise både i teoretisk og praktisk del av programfaga
- trivast i lag med ungdom
- vere ein god klasseleiar
- ha digital kompetanse
Vi tilbyr
- gode moglegheiter til fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)
- godt arbeidsmiljø
- løn etter avtale
Andre opplysningar
Stillinga som stallansvarleg inneber å administrere stalldrifta ved skulen. Vi har stallplass til 25 hestar og dette er hovedsakleg elevhestar. Elevane gjer det daglege arbeidet i skuletida samt at dei har turnusordning som stallvakter på helg og andre elevfrie perioder.
Vi har som mål å spegle mangfoldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig
stilling hos oss.
Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, vegar og kollektivtransport, tannhelsetenester, samfunns- og næringsutvikling. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.Gjermundnes vidaregåande skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune, med gode kommunikasjonstilhøve i alle retningarGjermundnes vgs har dei siste åra hatt om lag 120 elevar. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet.Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
285283
- Sist endret
10. april 2019
- Hentet fra
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Referanse
rekruttering.mrfylke.no/recruitment/opening?1?3821