Miljøterapeut Haugen Bufellesskap
Tysnes kommune
Uggdalsvegen 295, 5685 Uggdal
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut eller miljøarbeidar ved Haugen Bufellesskap
Type ansettelse
Fast, deltid 85%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. august
Er du ein person som ser muligheter, har godt humør og ønskjer ein meiningsfull jobb med menneske?
Bli ein del av vårt positive team ved Haugen bufellesskap og dagsenter! Her får du bidra til at dei som bur her får ein meiningsfull og innhaldsrik kvardag, samstundes som du får utfordre og utvikle din faglege og personlege kompetanse.
Kva gjer me?
Haugen er eit døgnbemanna bufellesskap for mennesker med utviklingshemming.
Essensen i jobben me gjer, er å gjere liva til dei som bur her så gode som mogleg, både i kvardag og til fest. Her er det ingen dagar som er like. Me yte den bistand dei treng for å kunne gjennomføre daglege gjeremål, gå på jobb, og delta på fritidsaktivitetar.
Me jobbar tett på dei me er her for, og me får utfordra fagkompetansen dagleg. Me havner i dilemma og utfordringar der me må omsynta både lovgiving,
til dei som bur sine liv og til korleis me ønskjer å ha det på jobb. Slike etiske refleksjonar er ein viktig del av jobben vår, og noko me ser verdien av å setja endå meir i system. I dette er me oppteken av at alle skal bli høyrd. Alle har med seg kompetanse og erfaring, og samen yt me dei beste tenestene.
Kven er me?
Me har ei gruppe dyktige tilsette med ulik fagbakgrunn, og mange med lang erfaring med faget. Her får du kollegaer i alle aldre, frå 20 til 60 år. Me snakkar mykje fag, men me er også oppteken av å ha det kjekt i lag. Me har ulike interesser, nokon av oss liker å gå fjellturar, og mange av oss er veldig glade i dyr,
Kvifor skal du søkje?
Som medarbeidar hos oss vil du bidra til at dei som bur her får ein meiningsfull og innhaldsrik kvardag i tråd med lovverk, fagleg kjente metodar og etiske retningsliner.
Er du glad i mennesker, positiv, engasjert og villig til å gi av deg sjølv? Ønskjer du å bruke fagkompetansen din og utvikle deg i lag med oss? Då er dette ein jobb for deg!
No søkjer me etter ein ny kollega til fast stilling som miljøterapeut/miljøarbeidar.
Stillinga går i to-delt turnus med helg.
Det er gjort avtale med fagforeningane om langvakter kvar 4. helg, og denne stillinga er tenkt å gå i slik ordning. Avlate om langvakter vært laga for eit år om gangen - dersom avtalen ikkje vert forlenga vil stillinga innebære arbeid kvar tredje helg.
Dersom intern sjøkjar blir tilsett kan andre stillingar bli ledig.
Kva går stillinga ut på?
- Planlegge og utføre tiltak og prosedyrar med fokus på målretta miljøarbeid.
- Yte brukerane den bistand dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, gå på dagsenter/jobb og ta del i fritids aktiviteter.
- Leggje til rette for brukarmedverknad og sjølvbestemmelse med fokus på brukar si eiga mestring og utvikling.
- Legemiddelhandtering/multidose etter gjevne retningslinjer.
- Delta på fagmøter og andre kompetanseaukande tiltak.
- Samarbeid med pårørande, verge og andre faggrupper.
- Journalføring og arbeid opp mot gjeldande lovverk.
Kva kompetanse er viktig i rolla?
- Fortrinnsvis 3-åring helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning.
- Miljøarbeidar og personar utan formell kompetanse vert vurdert for tilsetjing for eit år.
- Gode kommunikasjonsevner og samhandlingsferdigheiter.
- Erfaring og interesse frå arbeid med brukargruppa er eit føremon.
- Du ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Den som vert tilsett må leggja fram politiattest, etter lov om helsepersonell §20a.
- Grunnleggjande datakunnskap.
- Førarkort for bil klasse B er eit føremon.
Kva ser me etter hos deg?
- Du er fleksibel og evnar å jobbe målretta og strukturert.
- Personlege eigenskapar som sjølvstende, løysingsorientert, stå på vilje, ansvarleg og lojal vert vektlagt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
- Stillingsstorleik: 85 % fast.
- Eit tverrfagleg miljø i bufellesskapet, med engasjerte kollegaer.
- Godt arbeidsmiljø.
- Løn etter regulativ.
- God pensjonsordningar gjennom KLP.
- Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Cecilie Bjørnevik, Avdelingsleiar Haugen bufellesskap og dagsenter, 90 24 80 52, cecilie.bjornevik@tysnes.kommune.noMargrete Klemmetsby, Einingsleiar open omsorg, 95 70 95 13
Arbeidssted
Uggdalsvegen 295Tysnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Tysnes kommuneReferansenr.: 4826592661
Stillingsprosent: 85%
Fast
Søknadsfrist: 11.08.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Margrete Klemmetsby
Einingsleiar open omsorg
95 70 95 13
Cecilie Bjørnevik
Avdelingsleiar Haugen bufellesskap og dagsenter
90 24 80 52
Om bedriften
Draumen om livet på landet, finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt øykommune sør for Bergen, og om du spør oss: verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å leva og bu i.
Tysnes er ein hjarteforma kommune nord i Sunnhordland. Perfekt for deg som er på jakt etter ein roleg og eventyrleg livsstil. Me har kort veg til kringliggande byar, og me trur du vil bli overraska over kor mykje kystkommunen har å tilby.
Me har flotte badeplassar og skianlegg på fjellet, frodig natur og skiftande landskap. Frå høgfjell til idylliske hamner, med gode moglegheiter for friluftsliv.
Eit rikt lags- og organisasjonsliv gjer eit variert fritidstilbod til både vaksne og unge. Småskalaprodusentar byr på ekte og økologiske smaksopplevingar. Øya byr på eit riktig kulturliv gjennom heile året, med Tysnesfest om sommaren som den største.
Sentralt plassert, men likevel langt nok unna kjaset og maset til bylivet. Det betyr at du kan nyta frisk luft, kulturelle storhendingar og avslappande ro. Med uendelege høve til å utforska fjell og fjord, er Tysnes den perfekte staden å kalla heim.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2684900
- Sist endret
24. juni 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6a8b129de7a54ab1acfc2388200ce882