Psykologspesialist/psykolog - Psykiatrisk Klinikk - DPS Døgn Tronvik
Helse Førde
6995 Kyrkjebø
Om jobben
Oppstart
1. juli 2019
Type ansettelse
Annet, heltid
Antall stillinger
1
Org. nr: - Stillingsident: 4081765595 Presentasjon av stillinga:
Psykiatrisk klinikk har frå 29.07.2019 ledig 100% fast stilling som psykologspesialist/psykolog ved Psykiatrisk klinikk, for tida ved DPS døgn på Tronvik. Oppstart stilling frå 01.07.2019 eller etter nærmare avtale.
Psykiatrisk klinikk gjev allmennpsykiatriske tenester til 13 kommunar i Sunnfjord/ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har om lag 185 årsverk. Det er og eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk, som har fleire pågåande
doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling.
Pr. i dag er DPS døgn Tronvik ein av to DPS døgn avdelingar i psykiatrisk klinikk, og er organisert under DPS døgn Førde.Det er samstundes planar for nybygg for Psykisk helse i Førde for voksne, born og ungdom. DPS døgn er då planlagd som ein seksjon lokalisert i Førde. Nybygget vil vere kobla fysisk saman med Førde sentralsjukehus. Psykiatrisk klinikk er aktiv i å jobbe med å utvikle moderne og gode tenester for pasientpopulasjonen.
For stillinga vert det kravd dokumentert autorisasjon.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
Arbeidsoppgåver
- Hovudvekta av arbeidet er utgreiing, diagnostikk, individualterapi og utstrakt samarbeid med 1. og 2. linjetenesta.
- Psykologspesialisten ventast å ta del i utviklinga av fagtilbodet ved avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist/psykolog med norsk autoriasjon som klinisk psykolog.
- Søkjar må kunne kommunisere godt både norsk skriftleg og munnleg og ha gode evner til å kommunisere, samarbeide og til å tenkje heilskapleg.
- Vi legg vekt på personlege eigenskaper for å bidra inn i eit tverrfagleg miljø
Utdanningsretning
- Psykologi
Personlege Eigenskapar
- Strukturert
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Samarbeidsvillig
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskjeleg
Kontaktinformasjon
Marianne Engh Strandos, Einingsleiar, (+47) 57714331
Arve Stokkebekk, Seksjonsleiar DPS Døgn, (+47) 57839465
Svein Ove Alisøy, Direktør, (+47) 57839020
Arbeidsstad
Kyrkjebø
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Førde
Ref. nr.:4081765595
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid
Startdato: 01.07.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 24.05.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4081765595&company_id=3325782882&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
348314
- Sist endret
25. mai 2019
- Hentet fra
webcruiter
- Referanse
4081765595_Helse Førde_webcruiter