Vikar for kulturskulelærar - teater og drama
Suldal kommune Kulturskule
Løhaugen 1, 4230 Sand
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, deltid 30%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Kulturskulelærar – Teater og drama 30 %
I Suldal kulturskulen er det for skuleåret 2024-2025 ledig:
Kulturskulen i Suldal har ca. 200 elevplassar og tilbyr undervisning i musikk, teater og kunstfag.
Ønskte kvalifikasjonar
- Relevant pedagogisk utdanning innan faga teater/drama og musikk/direksjon
- Erfaring frå undervising for barn og unge
- Kunnskap om digitale verktøy for kommunikasjon, undervising, timeplanlegging m m
- Relevant yrkeserfaring kan kompensere for delar av utdanningsnivået
Arbeids- og ansvarsområde
- Planlegging og gjennomføring av undervising, førestillingar og ulike prosjekt i tråd med kulturskulen sin rammeplan i samarbeid med lærarteamet
- Oppfølging og kontakt med elevar og føresette
- Deltaking i møter med lærarkollegiet
- Undervisninga føregår på ettermiddag/kveldstid
Kva kan me tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Andre opplysningar:
- Nynorsk er administrasjonsspråk
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar.
- Me etterspør dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold ved innkalling til eit eventuelt intervju.
- Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan bli offentleggjorde.
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyre frå deg.
Kontaktperson for stillinga: Olaug Marie Hebnes, mob 98696839, e-postadr. olaug.marie.hebnes@suldal.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
På Kultur har me ansvar for fleire avdelingar: Kulturhus, Bibliotek, Kulturskule, Suldal bad og idrett og Kulturkontoret. Me har mange tilbod i eigen regi, og me har ansvar for å leggja til rette for frivillige lag og organisasjonar. Viktig for arbeidet vårt er å vera med å gjera kommunen og lokalsamfunna våre til gode plassar å bu.
Kulturskulen ligg på kulturhuset. Her føregår mykje av undervisninga også, både innan musikk og drama. Biletkunst held til i nærleiken i eige bygg. I tillegg tilbyr kulturskulen desentralisert musikkundervisning på dei skulane i grendene.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2681408
- Sist endret
18. juni 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3368085_207917_nn