SFO-leiar
Åmot skule, Vinje kommune
Skulevegen 10, 3890 Vinje
Om jobben
Stillingstittel
SFO-leiar
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Vikariat
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Har du lyst til å vera med på å utvikle og leie SFO på Åmot skule? Me har ledig eit vikariat, med moglegheit for fast tilsetjing.
Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1-10 skule med om lag 160 elevar frå alle verdas hjørne. Som leiar av SFO vil du samarbeide tett med skuleleiinga. Me ynskjer oss ein leiar som er tydeleg, inkluderande og har ein autoritativ leiarstil. Ved vår skule er denne rolla ein funksjon, der du får nedsett tid til å utføre oppgåvene og eit månadleg tillegg. Du kjem til å vera ein del av eit team med dyktige fagarbeidarar, assistentar og pedagogar.
Arbeidsoppgåver
- Organisere og drifte SFO, både i skuletid og feriar
- Delta i relevante møte og kurs, td med leiinga, føresette og skulehelsetenesta
- Kommunisere med tilsette, elevar og føresette
- Vera kreativ
- Finne på varierte aktivitetar i nærmiljøet
- Rettleie andre tilsette i arbeidet
- Handsame kortidsfråvær
- Utføre arbeidet i tråd med rammeplan for SFO
- Andre arbeidsoppgåver kan koma, til dømes undervisning
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i helse- og oppvekstfaget, pedagog, vernepleiar eller anna helse- eller oppvekstfagleg kompetanse
- Leiarerfaring med barn
- Du er fagleg oppdatert
- Du likar å leike
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter
- Gode digitale ferdigheiter, me nyttar Visma flyt timeplan og Visma skole
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du er kreativ, dyktig og har god relasjonskompetanse
- Du har gode samarbeidsevner, og god kompetanse for å tilretteleggje for elevar eller grupper med behov for ekstra støtte
- Du arbeider systematisk og målretta
- Du er ein tydeleg leiar som er god på å ta og å gje ansvar
- Du har godt humør og likar å leike med elevane
- Du har god arbeidskapasitet og ser kor det er naudsynt med ei ekstra hand
Vi tilbyr
- Gode moglegheiter til fagleg utvikling
- Ein attraktiv arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og engasjerte tilsette
- Løn etter lokal lønstabell
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Kontaktinformasjon
Renate Øien, Verksemdsleiar, +47 40452948
Arbeidsstad
Skulevegen 10
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 4830390602
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 07.07.2024
Om bedriften
Åmot skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår med flotte bygg, og idrettsanlegg vegg i vegg. Skulen vår er ein 1-10 skule med vaksenopplæring. Me har om lag 210 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne. Med 40 dyktige tilsette på laget er me opptekne av å ha rom for alle og blikk for den eine.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2689802
- Sist endret
8. juli 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a02226a6f640434c983b6a61fc9a805c