Assisterande seksjonsleiar. 100% fast stilling ved seksjon rehabilitering døgn, Øyane DPS
Org. nr: 1026883039 Stillingsident: 4211749196 Presentasjon av stillingen:
Øyane DPS, seksjon rehabilitering døgn har ledig fast stilling i 100% som assisterande seksjonsleiar.
Vi søkjer etter ein positiv og kreativ medarbeidar som trivst i ein travel kvardag og som er opptatt av å gi god kvalitet i pasientarbeidet. Vi legg stor vekt på at ein bidrar til trivsel og vekst for pasientar og medarbeidarar.
Øyane DPS tilbyr spesialisthelsetenester til innbyggjarar over 18 år i kommunane Askøy og Øygarden. Øyane DPS tar i mot pasientar, akutt og etter avtale. Tenestene er organisert som ambulant verksemd, poliklinikk, dagavdeling og døgntilbod.
Vi er ein open døgnseksjon med fokus på rehabilitering av pasientar med psykoseproblematikk. Seksjonen har 8 sengeplassar, derav 2 treningshyblar for rehabilitering over lengre tid. Vi vil ha fokus på relasjonsbehandling i kombinasjon med målretta miljøterapi. Som del av arbeidsoppgåvene kan det vere aktuelt å delta ved dagbehandling.
Fysisk aktivitet vil vere ein viktig del av rehabiliteringa. Personalet må kunne delta aktivt saman med pasientane på dei ulike fysiske aktivitetane, både innandørs og utandørs.
Det er ønskjeleg at du har erfaring frå døgnpost og at du likar å ha ein variert arbeidskvardag. Vi ønskjer at du er løysingsorientert og at du kan bidra positivt inn i eit allereie godt arbeidsmiljø. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Arbeidsoppgåver
- Delegerte driftsoppgåver og medansvar for dagleg drift i seksjonen
- Medansvar for fag- og kompetanseutvikling
- Turnusplanlegging
- Variert pasientretta arbeid
- Må pårekne noko turnusarbeid
- Arbeid med faglege rutinar og prosedyrar
- Opplæring og oppfølging, samt koordinering av nytilsette og av studentar
- Stedfortredar for seksjonsleiar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Det er ønskjeleg med klinisk erfaring
- Erfaring med utvikling av rutinar og prosedyrar
- Interesse for kunnskapsbasert praksis
- Kjennskap til DIPS og GAT
- Kunnskap og erfaring med arbeidsplan
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Trygg på eigne ferdigheiter, fagleg og personleg
- Løysingsorientert, fleksibel og kan arbeide sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner og evner å motivere dine medarbeidarar
- Fokus på arbeidsmiljø, kvalitet og fornuftig ressursbruk innafor gitte rammer
- Positiv, likar å samhandle med andre, er initiativrik og har godt humør
- Pasientorientert og ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- Deltaking i å vidareutvikle seksjonen
- Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA -bedrift)
- Opplæring vil bli gitt gjennom naudsynte kurs, samt ein-til-ein oppfølging
Kontaktinformasjon
Nina Helene Fosse, Ass. seksjonsleiar, 56326668
Asta Kyrkjeeide, Seksjonsleiar, 56326669
Arbeidsstad
Blombakkane
5353 Straume
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4211749196
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.06.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.