2 vikariat på natt for fagarbeidere
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Tilrettelagte tenester for barn og unge i Bjørnafjorden er eit avlastingstilbod, og bustad, for barn og unge med nedsett funksjonsevne. Det er eit kommunalt tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på begge sider av fjorden, med
Varafjell avlastningssenter, Os avlastning og Fusa avlastning. Avlastninga ligg strategisk plassert nær skule, idrettsplass og friluftsområde. I tillegg yt vi tenester i heim og på skule. Vi har ledig 2 stillinger på natt i omlag 45% turnus, med arbeid på dag, kveld og helg.
Arbeidsstad
Stillingene er knytt til Os avlastning
Arbeidsoppgåver
Stillinga er pr.idag knytt opp mot avlastning i heim. Ein ønskjer så langt som råd er å begrense talet vaksne kvart barn må forholde seg til, slik at oppgåvene vil kunne variera mellom fleire arenaer som eksempelvis
barnehage/heim/avlastning. Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane.
Arbeidet består i å yte brukarane den bistand dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne. Reflekterande omsorg, målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er
sentrale arbeidsoppgåver. I funksjonen inngår førebyggjing, habilitering og rehabilitering.
Du må vere villig til å ta på deg hovudkontaktarbeid.
Dette arbeidet inneber blant anna å følge særskilt med på barnet sitt tilbod, stille på møter og vere ein aktiv deltakar i utviklinga av barnet sitt tilbod. Vidare må du rekne med å arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve
tenestemottakaren sine pårørande, familie, vener og hjelpeapparatet elles.
Kvalifikasjonar
Du har/er:
- relevant fagutdanning/ spesiell interesse og erfaring frå arbeid med barn og ungdom med nedsett funksjonsevne
- kompetanse i alternativ kommunikasjon og teikn til tale
- erfaring med utfordrande åtferd og mestring av vald
- bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
Det vert lagt særleg vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskaper.
På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gje barnet eit godt heilskapleg tilbod. Du er sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner og er klar for noko nytt og
spennande.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Yvonne Matre, Mobil +47 902 89 733, Epost: yvm@bjornafjorden.kommune.no
Om bedriften
Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter kommunesamanslåinga mellom Os og Fusa kommuner. Kommunen har i underkant av 25 000 innbyggarar med rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står ovanfor store endringar, og er avhengig av stor medverknad frå alle sine tilsette. Leiinga anerkjenner dei tilsette sine kvalitetar og oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader, workshops og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag. Målet for Bjørnafjorden kommune er å vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. Med desse måla, saman med større omstilling i organisasjonen treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?