Sykepleier
Stillingsannonsen er inaktiv.Nevrologisk sengepost, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84, 6412 Molde
Kom til oss og bli med på laget, om du vil bli vår nye kollega og jobbe med den nevrologiske pasienten!
Nevrologisk sengepost, Molde Sykehus har ledig 100% fast stilling, med tredelt turnus. Vi har arbeid kvar tredje helg. Ved interne omrokkeringar kan andre stillinger bli ledige. Oppstart etter avtale.
Nevrologisk sengepost har 16 senger, 10 nevrologiske og 6 slagpasienter. Her kjem pasientane inn som ø-hjelp eller planlagt/elektivt. Seksjonen omfattar sengepost, dagbehandling og poliklinikk. Vi har Klinisk Nevrofysiologisk Laboratorium, og spesialsjukepleiarar innan fleire av fagområda. Det foregår spennande forsking på fleire av fagområda.
Molde er rosenes, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.
Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til pasientar på sengepost og dagpost
- Legemiddelhandtering
- Stell og pleie
- Tverrfagleg samarbeid
- Gjere seg kjent med, og halde seg oppdatert på dagposten og sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinjer
- Rettleiing til studentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du må ønskje å jobbe med den nevrologiske pasienten
- Du har gode samarbeidseigenskapar; jobbe i team, men også sjølvstendig
- Du er positivt innstilt, og tar initiativ
- Du er ansvarsfull, påliteleg, fleksibel, løysingsorientert
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskaper blir vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Janne Isaksen, Seksjonsleiar, 941032084, Janne.Isaksen@helse-mr.noArbeidsstad
Parkvegen 846412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:4544130671
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 26.09.2022
Søknadsfrist: 28.08.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Nevrologisk sengepost, Helse Møre og Romsdal HF
Adresse
Parkvegen 84, 6412 Molde
Hjemmeside
www.helse-mr.no
Om stillingen
Stillingstittel
Sykepleier
Antall stillinger
1
Oppstart
26. september 2022
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 29. august 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: 2786f65a29f141429ea9fa6cd29af5ad
Stillingsnummer: ffc3ab5b-99ce-4608-8bbe-a20fefd0db50