ID 1960 Assisterande avdelingssjukepleiar - Stord sjukeheim
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
5417 Stord
Stord sjukeheim har 117 rom fordelt på 6 avdelingar. Ved sjukeheimen arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.
Det er ledig fast 100% stilling som assisterande avdelingssjukepleiar frå 13.03.23.
Ledig stilling er i avdeling Gullskar. Avdelinga har to grupper med til saman 17 pasientar. Stillinga har turnus med arbeid kvar tredje helg.
Som sjukepleiar har du ansvar for dagleg utføring av sjukepleiarprosedyrar, dokumentasjon, pleie og behandling for kvar einskild pasient og godt samarbeid med andre deler av helsetenestene.
Funksjonen som assisterande avdelingssjukepleiar inneber å vere stadfortredar for avdelingssjukepleiar ved m.a. ferieavvikling. I dette så ligg det ansvar for drift av avdelinga og oppfølging av tilsette. Me ynskjer å knytte til oss ein sjukepleiar med erfaring og/eller interesse for eldreomsorg og arbeid med personar med demenssjukdom. I denne stillinga er det og viktig at du har eit ynskje om å arbeide med administrasjon og leiing. Det er ein fordel med gode datakunnskapar.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert sjukepleiar. Vidareutdanning og/eller erfaring frå leiing, geriatri eller demens vil vere ein fordel.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Lønningsåsen 1, 5417 Stord
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Om stillingen
Stillingstittel
Sjukepleiar, spesialsjukepleiar
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager, Lørdag, Søndag
Arbeidstid
Dagtid, Kveld
Arbeidstidsordning
Turnus
Sist endret: 30. januar 2023
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: ff9e20c7-60bf-451d-88a0-5e66ce72ba06
Stillingsnummer: ff9e20c7-60bf-451d-88a0-5e66ce72ba06