Barnehagelærar og fagarbeidar i barnehage, skule og SFO
Stillingsannonsen er inaktiv.Vaksdal kommune
Vaksdal kommune
Det kan verte ledige stillingar, vikariat og/eller faste, for barnehagelærar og fagarbeidar i Vaksdal kommune frå 1. august 2019. Både heil- og deltidsstillingar kan bli aktuelt i barnehage, skule og SFO. Skriv i søknaden kva du ynskjer.
Vaksdal kommunale barnehage består av dei fire barnehagane Vaksdal og 5 skuler. Barnehagenen er Knutatunet/Stanghelle, Dale og Stamnes og alle er godkjend for barn i alderen 1-5 år. Skulene er Vaksdal skule, Stanghelle skule, Dale barne- og ungdomsskule, Stamnes skule og Eksingedalen skule.
Arbeidsstad vert avtalt med dei som vert tilsett. Set gjerne opp ein bestemt barnehage eller skule dersom du har ein preferanse
Alle barnehagane i Vaksdal er med i kompetanseprogrammet "Inkluderande barnehagemiljø". Vi set oss tydelege mål for å skape ein trygg og god kvardag for alle born. Dette gjer vi i lag som kompetente og engasjerte vaksne.
Arbeidsstad
Barnehagane og skulene i Vaksdal kommune.
Krav til kompetanse
For barnehagelærar: Godkjend utdanning som barnehagelærar.
For fagarbeidar: Godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeidar
Du må være ein påliteleg, open og ærleg person. Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen og på skulen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer. Du må vere strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du må ta del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert.
Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre. Vi oppmodar menn til å søkja.
Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Lønsvilkår
Etter gjeldande lov og avtaleverk.
Vaksdal kommune kan tilby
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
For tilsette som søkjer på stilling, logg på med eige brukarnamn og passord.
Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 992 63 956/453 75 984
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Adresse
Konsul Jebsensgata 16, 5722 Dalekvam
Vaksdal kommune har vel 4.100 innbyggjarar. Kommunen ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Bergensbanen og E16 går i tunnel gjennom store delar av kommunen. Reisetid med tog frå Bergen er omlag 45 minutt, frå Voss omlag 35 minutt. Sentral plassering gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagsliv.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 2. april 2019
Hentet fra: Vaksdal kommune
Referanse: va-ansattportal.sing.no/recruitment/opening?0?61
Stillingsnummer: ff86098a-c3ae-4a1d-a838-229d893edb5b