Sjukepleiar/helsefagarbeidar
Høyanger kommune har frå august 2019 ledig 3 x 100% faste stillingar:
- 1 stilling som sjukepleiar
- 2 stillingar som helsefagarbeidar
Stillingane er i sjukeheim og inneber arbeid i langvaktturnus med 12,5-13-timars vakter der ein arbeider 7 vakter på 3 veker. (4 dagar på/7dagar fri, 3 dagar på/7 dagar fri). Turnus inneber at den som vert tilsett vil ha restarbeidstid ca 30 timar på 6 veker i tillegg til oppsett turnusplan. Arbeidstid er kl 07:30 -- 20:30 med arbeid 3.kvar helg. (½ time kortare dersom 12,5 timars vakter).
Oppgåver i stillinga er hovudsakeleg arbeid med brukar i form av ein-til-ein kontakt, samt arbeid med bebuarar som bur i sjukeheim.
Med bakgrunn i kjønssamansetning i personalgruppa oppfordrar vi menn til å søkje stillingane.
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar. Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest.
Om bedriften
Høyanger kommune ligg ved Sognefjorden i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen er ein kraft-, industri- og jordbrukskommune i storslagen natur: fjell, fjord, vatn, elvar og skog. Kommunen har ca 4200 innbyggarar, der ca 2000 bur i tettstaden Høyanger. Det er gode skule- og barnehagetilbod i heile kommunen, og gode anlegg for innandørs-, sommar- og vinteridrett, med både idrettsanlegg og badeanlegg som ligg sentralt i Høyanger tettstad/eigen symjehall i Lavik. Vi har gode kommunale tilbod innan kulturskule og bibliotekteneste, og i tillegg eit rikt aktivitetstilbod som vert gjeve av frivillige lag og organisasjonar.