ID 1799 Ferievikarar
Søkjer du ein interessant sommarjobb med spanande utfordringar der du får nytta din erfaring og kompetanse? Då kan du vera rette person for oss.
Me har behov for ferievikarar i perioden 20/6- 14/8-2022 ved legevakta og Døgnavdeling IDA.
Me treng autorisert helsepersonell, studentar i sjukepleie, stud,medisin som har bestått 3.året, lærling i helsefagarbeid og andre med helsefagleg høgare utdanning.
Me treng ferievikar for avdelingsoverlege på Døgnavdeling IDA. Her kan stud.medisin med lisens søkja.
Me kan tilby varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein spanande og travel kvardag. Det er eit triveleg arbeidsmiljø på ein strukturert arbeidsplass som held høgt fagleg nivå. Sommarjobb ved SIL inneber turnusarbeid dag, kveld, natt og i snitt arbeid anna kvar helg.
Høyres dette interessant ut? Søk då vel!!!
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Ved spørsmål kan du ringja dagleg leiar Mona Yvonne E. Lothe 53 23 30 53
Søknadsfrist: 13.02.22, men kan verta forlenga
Om bedriften
Sunnhordland interkommunale legevakt IKS dekker legevaktfunksjon for kommunane Fitjar, Bømlo og Stord med samla om lag 34.000 innbyggjarar. Legevakta flytta inn i nye, moderne lokale i 2017 og er lokalisert i tilslutnad til Stord sjukehus. Legevakta og døgnavdelinga har eit triveleg fagmiljø med personale som held høg fagleg kompetanse.