Vil du bli spesialist i nyresjukdomar?
Stillingsannonsen er inaktiv.Medisinsk avdeling Stord sjukehus , Helse Fonna HF
Tysevegen 64, 5416 Stord
Vi har ledig 100 % fast stilling for lege i spesialisering i nyresjukdomar.
Vi kan også tilby stilling for LIS 2/3 i fordøyelsessjukdomar, generell indremedisin eller lungesjukdomar. Alle deltar i indremedisinsk vaktordning.
Hos oss er det gode moglegheiter for dobbelt spesialiseringsløp med generell indremedisin.
Fastlegar med behov for sjukehusteneste er og hjarteleg velkomen hos oss (ALIS).
På avdelinga er det 9 LIS 2 og 3 stillingar og ei todeling av vaktdøgnet som inneberer at ein ikkje treng å arbeide heile døgnvakter. Vi legg til rette for at du skal kome gjennom alle anbefalte kurs for di spesialisering på normert tid. Det er faste dagar for fordjuping i den rullerande vaktplanen.
Som LIS2/LIS3 i vår avdeling deltar du i vaktarbeid i akuttmottak, postarbeid og poliklinikk. Du får mykje ansvar under tett oppfølging av våre overlegar som er indremedisinarar, lungelegar, gastroenterologar, nefrologar og kardiologar.
Hos oss får du gjennomført mange av læringsmåla i indremedisin, lunge, nyre, gastro og kardiologi.
Det er moglegheit for å fullføre di spesialisering ved Helse Bergen som vi har samarbeidsavtale med.
Vi vil også leggje til rette for at du kan fullføre spesialiseringa di ved eit anna sjukehus.
Ved spesialisering ved Helse Bergen har du fortrinn til eit gjennomgåande utdanningsløp.
Utdanningsplan for spesialiseringa finn du HER og du kan lesa meir om korleis det er å jobbe ved Stord sjukehus og bu i Sunnhordland HER.
Helse Fonna ønsker å investere i deg. Det som er viktig for deg er viktig for oss!
Vi vil hjelpe deg med det du treng, gratis bustad, tilrettelagt tenesteplan og bistå med å få tak i barnehageplass.
Stord har flyplass med dagleg avgang til Oslo, ca. ein times reisetid.
Vi tilbyr rekrutteringsbonus og gratis bolig!
Oppstart etter avtale. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Samarbeid internt med andre faggrupper
- Daglig oppfølging av pasienten i nært samarbeid med et fleirfagleg behandlingsteam
- Journalarbeid
- Vaktarbeid
- Internundervisning av helsepersonell
- Arbeid ved sengeeining
- Delta i utgreiing og behandling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent LIS 1 innan startdato er eit krav for å bli vurdert til stillinga
- Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel
- Grunnleggjande IKT-kompetanse
- Kunnskap om EPJ og andre fagsystem
Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Ansvarsbevisst
- Engasjert
- Gode datakunnskapar
- Å vere personleg eigna for stillinga vil bli vektlagt
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Rekrutteringsbonus
- Moglegheit til å påverke eigen tenesteplan
- 9-delt vaktordning med todeling av vaktdøgnet. Aktiv vakt tilstade på sjukehuset. Erfarne overlegar i bakvakt og tilstade i samsvar med vaktplan på kveld og helg
- Gratis bustad
- Regelmessig internundervisning
- Helse Fonna-bonus
- Høgt fagleg nivå
- Medlemskap i landets kanskje beste pensjonsordning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomstar
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Kontaktinformasjon
Sunniva Austlid, Avdelingsleder, 90096097Philipp Reichel, Seksjonsoverlege, 41075030
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4569703175
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2023
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Medisinsk avdeling Stord sjukehus , Helse Fonna HF
Adresse
Tysevegen 64, 5416 Stord
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Om stillingen
Stillingstittel
Lege i spesialisering - Nyresjukdomar
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 1. mai 2023
Hentet fra: talentech
Referanse: 7c85e894b79c4fe7916f6f48b4459ccb
Stillingsnummer: fee37be5-dde3-420f-8708-76be1b5eb7d3