Verksemdsleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4087360134 Presentasjon av stillingen:
100 % fast stilling ledig for oppstart 01.01.20.
Verksemda har ansvar for drift av barnebustadar, privat avlastning og støttekontakt, og drift av døgnavlastning for barn 0 ¿ 18 år. Verksemda er nyoppretta i samband med etablering av nye Ålesund kommune frå 01.01.20. Ein ny barneavlastningsbustad er og under prosjektering og verksemdsleiar vil vere delaktig i denne prosessen. Verksemdsleiar rapporterer til kommunalsjef og utgjer kommunalsjefens leiarteam.
Arbeidsoppgåver
- Leiing av verksemd med overordna ansvar for fag, økonomi, budsjett og personal.
- Leie og utvikle verksemda i samsvar med vedtekne mål, budsjett, planar og overordna føringar for Ålesund kommune.
- Leie og utvikle verksemda i samsvar med Ålesund kommune sine satsingsområde.
- Leie og utvikle verksemda for å skape trygge tenester i samarbeid med brukarar og pårørande.
- Vere ansvarleg for eit godt samarbeid mellom avdelingane og skape aktive og motiverte tilsette.
- Delta i kommunalsjefen sitt leiarteam og bidra til å finne løysingar på tvers av verksemdene og på tvers av kommunalområda.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, minimum bachelor, primært sosialfagleg utdanning.
- Relevant leiarerfaring.
- Vidareutdanning i leiing er ønskeleg, evt. er det ei forventning om at den som blir tilsett i stillinga gjennomfører slik vidareutdanning.
- Erfaring frå turnusarbeid er ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Evne til strukturert, sjølvstendig, målretta, kreativt og innovativt arbeid.
- God kjennskap til og forståing for kommune sine oppgåver.
- Løysingsfokus og høg gjennomføringsevne.
- Evne til å bygge nettverk og samarbeid med andre.
- Særleg fokus på førebygging og tideleg innsats.
- Personleg eignaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Vivian Dyb, Kommunalsjef, 900 18 194
Arbeidsstad
Keiser Wilhelmsgate 11
6002 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Nye Ålesund Kommune
Referansenummer:4087360134
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.01.2020
Søknadsfrist: 09.06.2019
Om bedriften
Kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal danne ein ny kommune frå
- januar 2020. Kommunen skal heite Ålesund. Den blir den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen vil ha rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen blir ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet, vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.