INNTIL FAST 100% STILLING SOM BARNEHAGELÆRAR
Kort om stillinga
Frå 01.08.19 har vi ledig inntil 100% fast stilling som barnehagelærar ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter.
Søknad skal sendast
Vi tek i mot elektronisk søknad på stilling. Attestar og vitnemål kan ikkje lastast opp i søknaden, men er først aktuelt ved eit evt intervju.
Om bedriften
Surnadal kommune ligg på Nordmøre ved foten av Trollheimen og har ca 6000 innbyggjarar. Vi har eit variert næringsliv og barnehage- og skuletilbodet er godt utbygd. Kommunen har eit svært allsidig kultur- og organisasjonsliv. Naturen er flott og variert, med lett tilgang til skog og mark, fjell, fjordar og elver.Surnadal kommune er ein stor arbeidsplass med eit mangfald av oppgåver og tenester som blir utført av dyktige medarbeidarar. Vi tilbyr varierte og spanande arbeidsoppgåver,trivelege kollegaer og gode pensjonsordningar. Vi har omlag 670 medarbeidarar fordelt på omlag 540 årsverk. Desse er fordelt på mange ulike arbeidsstader, og med forskjellige yrke og kompetanse. Saman har vi eit felles ansvar for å arbeide til beste for innbyggarane våre. Vi ønskjer tilsette som kan vere gode bidragsytarar i utviklinga av dei kommunale tenestene. Det er difor viktig at du er fleksibel, tek ansvar, viser initiativ og kan bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø.