Rådgivar SAP
Stillingsannonsen er inaktiv.Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Org. nr: - Stillingsident: 4382410113 Presentasjon av stillingen:
Helse Bergen HF har i sin strategi fire tema: Pasientperspektivet, medarbeidarane, prioritering og forsking-innovasjon-utdanning. Forbetringsarbeid skal vere ein del av arbeidskvardagen.
Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 750 engasjerte medarbeidarare som utfører forsyningstenester, varemottak, pasienttransport, andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, sikkerheitstenester, drift av parkeringsanlegg, sentralbordtenester og kurs- og konferansesenter.
Anskaffingar, innkjøp og forsyning er eit satsingsområde. Til hausten tar føretaket i bruk ERP-løysinga SAP S/4 HANA og felles, regionale arbeidsprosessar. I denne samanheng etablerer vi eit sentralt innkjøpsmiljø og styrkjer dette området med fleire ressursar for å få endå betre og meir effektiv drift samla i føretaket.
Til nyoppretta stilling søkjer Hospitaldrift etter SAP-rådgivar. Rådgivar må ha tett dialog med lokal- og regional styringsmodell for SAP og brukarar av systemet i føretaket spesielt retta mot lager og forsyning.
Arbeidsoppgåver
- vere ein pådrivar til at føretaket utnyttar SAP-løysinga optimalt
- bidra til at SAP gir god støtte til arbeidsprosessane
- ivareta og koordinere forbetringsforslag av SAP i samarbeid med lokal- og regional styrinsmodell for SAP
- delta i prosjekt og forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- erfaring innan innkjøp, lager, transport og materialplanlegging gjerne frå større organisasjonar
- god kompetanse med SAP er å føretrekkje men kompetanse frå andre store ERP-system kan vurderast
- erfaring frå andre IT-verktøy
- erfaring frå prosjektarbeid
- utdanning på bachelor eller masternivå innan data/informatikk og/eller logistikk
Personlege eigenskapar
- positiv og løysingsorientert
- gode kommunikasjonsevner
- Trivast med å jobbe i tverrfagleg team
- evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- gode analytiske evner
- helhetsforståelse
Vi tilbyr
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeiderar
- Spennande arbeidsoppgåver
- Løn etter avtale
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode forsikringsordningar og eit av landets beste pensjonsordningar
- Bedrifttsidrettslag
Kontaktinformasjon
Tove Kvam, Einingsleiar, 47650862, tove.kvam@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4382410113
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.06.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift, Helse Bergen
Adresse
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 6. juni 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4382410113_Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift, Helse Bergen_webcruiter
Stillingsnummer: fe89fa8c-ccaa-4da6-8086-e42234e1ce8a