Kundekonsulent
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4168308366 Presentasjon av stillingen:
Drift/teknisk kundesenter er eit internt kundesenter i Helse Bergen. Gjennom ei web-side, eit telefonnummer og ei e-postadresse skal det vere enkelt for tilsette å henvende seg til Drift/teknisk divisjon. Drift/teknisk divisjon yter eit breitt spekter av ikkje-medisinske tenester til avdelingane i Helse Bergen. Divisjonen har som visjon å gjere kvardagen enklare for avdelingane ved sjukehuset.
Vi er nå på jakt etter ein dyktig kundekonsulent og har ledig fast stilling.
Arbeidsoppgåver
- Ta imot, behandle og følgje opp alle typar kundehenvendingar til Drift/teknisk divisjon på telefon, e-post, elektronisk bestillingssystem og personleg oppmøte
- Kundeservice innan fleire område. Til dømes bestilling av tekniske tenester, koordinering av flytteteneste, søknader på parkeringsplass, tildeling av garderobe, utskriving av id-kort og hjelp til nytilsette
- Rettleiing og informasjon til kundar om divisjonen sine tenester og bestillingssystem
- Koordinere tenester mellom fleire einingar i divisjonen
Kvalifikasjonar
- Utdanning på høgskule/universitet, årsstudie/grunnfag
- Erfaring med kundebehandling
- Erfaring frå kundesenter er ønskjeleg men ikkje eit krav
- Må ha grunnleggjande datakunnskap og kunne bruke ulike datasystem på brukarnivå
- Må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, årsstudie / grunnfag
Personlege eigenskapar
- Høg grad av serviceinnstilling
- Det vil bli lagt vekt på å vere personleg eigna
- Kommunisere godt med ulike typar menneske
- Trivast med ein travel dag full av aktivitet og varierte oppgåver
- Kunne handtere fleire oppgåver samstundes
- Fleksibel
- Strukturert i arbeidet
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver, rotering mellom oppgåvene
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Godt arbeidsmiljø
- Dagtid frå måndag til fredag
- Det vil bli gitt god opplæring
Kontaktinformasjon
Kjersti Helgesen, Avdelingssjef, 55971660/ 90514793
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4168308366
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.01.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.