Prosjektleder byggeprosjekt
Bli med å utvikle byggenæringa i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å vere eit førebilete for korleis vi kan bygge framtidas berekraftige bygg. Kvart av prosjekta våre har eit høgt ambisjonsnivå med omsyn til klima og miljø, sosial berekraft og god prosjektøkonomi. Bygg- og eigedomstenestene har som ambisjon at kvart bygg vi sett opp skal vere litt betre enn førre gong. Dette betyr at vi heile tida må vere innovativ og modig i dei vala vi gjer, og at vi må kunne dokumentere resultatmåla vi sett oss.
Vil du bli ein del av et fagmiljø innan prosjektleiing av byggeprosjekt og ønskjer å bidra til utvikling i næringa kan vi vare rette plassen for deg.
Vi søker etter
Inntil 3 initiativrike prosjektleiarar i 100 % fast stilling i avdeling for bygg og eigedomsutvikling.
Du får jobbe med
Som prosjektleiar for byggeprosjekt får du jobbe med planlegging og gjennomføring av ulike spennande byggeprosjekt. Dette inneber ansvar for å levere prosjektet med rett kvalitet, til rett tid og innafor løyvd kostnadsramme.
Saman med vårt team vil du jobbe med strategiplanar, politiske saker og kunne ha fagleg ansvar innanfor eit eller fleire tema.
Vi søker deg som
- har relevant høgare utdanning, til dømes sivilingeniør. Lang relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- erfaring frå leiing i byggeprosjekt er ein fordel
- arbeider systematisk og grundig
- har gode samarbeidseigenskaper
- har fleksibilitet og vilje til å stå på litt ekstra ved behov
- liker å ta ansvar og jobbar sjølvstendig og utviklingsorientert
- har god erfaring med bruk av digitale verktøy
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Vi vil også legge vekt på om du har god kompetanse innan eitt eller fleire av desse områda:
- VDC
- Ingeniørkompetanse på bestillernivå innan eitt eller fleire av faga: Brann, VVS, bygg, automasjon, elektro, energi
- LCC
- LCA
- Kalkulasjon
- BIM
- Berekraft
Vi tilbyr
- ei spennande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Om arbeidsplassen
Stillinga er plassert i sentraladministrasjonen ved stab for bygg- og eigedomstenester, for tida med arbeidsstad i Molde, men kan etter nærare avtale vurderast lagt til Ålesund eller Kristiansund.
Stab for bygg- og eigedomstenester i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen si eigedomsmasse. Eigedomsmassen består i hovudsak av vidaregåande skolar med eit samla bruttoareal på om lag 215.000 m2.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.