Helsefagarbeidar - 100 % stilling, vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4343921633 Presentasjon av stillingen:
Ålesund kommune søker etter helsefagarbeidar for tiden ved Haram Omsorgssenter i Brattvåg. Vi søker ein person i 100 % stilling, vikariat i perioden 01.03.21-31.08.21. Stillinga har ordinære vakter i vekene, og langvakter på helg med arbeid 3. kvar helg. Langvaktene er 12,5 t og har betalt matpause på 30 min og 1 time betalt kviletid. Det kan vere moglegheit for fast tilsetjing etter endt vikariat.
Vi på Haram Omsorgssenter har ein visjon om å vidareutvikle måten vi tenkjer på i kommunehelsetjenesta. Vår sektor er i stadig endring og vi søkjer etter deg som ønskjer å vere med å bidra til denne endringa. Vi har fokus på fagleg- og teknologisk utvikling samt å jobbe aktivt med dei etiske utfordringane vi møter i kvardagen. Vi kan tilby mange faglege utfordringar innanfor fleire felt. bl.a. velferdsteknologi, palliativ behandling, rehabilitering, demensomsorg og faste bebuarar. Haram Omsorgssenter ligg i tillegg i eit naturskjønt område med fjell i ryggen og utsikt til havet. Her er og kulturelle tilbod og Ålesund sentrum ligger kun 45 min unna med bil.
Arbeidsoppgåver
- Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientar på langtidsavdeling eller korttidsavdeling.
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
- Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø både kollegialt og fagleg.
- Bidra til eit godt omdømme.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar.
- Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.
- Personleg egnethet vil bli vektlagt.
- Gode norskferdigheter munnleg og skriftleg.
- Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Personlege eigenskapar
- I Ålesund kommune ynskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Godt humør og positiv framtoning.
- Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid.
- Spanande fagmiljø med mange ulike arbeidsoppgåver innanfor rehabiltering, korttidspasientar, demens og langtidspasientar.
- Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
- Forhandlingsturnus.
- Løn etter tariff.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Inger Kristin Reiten, Avdelingsleiar, 46865766
Ingrid Beate Mathisen, Verksemdsleiar, 469 46 384
Arbeidsstad
Brattvåggata 19
6270 Brattvåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4343921633
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 28.02.2021
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.