Engasjert sommarguide til kisgruvene på Stord
Geopark Sunnhordland og Venelaget for Gruo på Litlabø søkjer museumsvertar for sommaren 2023
For sommaren 2023 er det ledig engasjement for museumsvertar på Gruvemuseet på Litlabø, Stord.
Sommaren 2022 vart Litlabø Gruver opna for turistar som eit pilotprosjekt. Sommaren 2023 vert dette vidareført og Litlabø gruver held ope 5 dagar i veka gjennom sommarsesongen. Gruvene på Litlabø står i dag fram som ei av landets beste visningsgruve, etter stor innsats frå Venelaget for Gruo gjennom mange år.
Me kan tilby ein variert arbeidsdag med omvising av besøkjande, tog køyring, kafé, reinhald og forefallande arbeid.
Vi søkjer deg som er motivert, allsidig og glad i å møta menneske. Du er over 18
år, snakkar engelsk og gjerne tysk. Du er gjerne i gang med relevant utdanning,
du likar å kommunisera med menneske. Togkøyring på gruveområdet og inn i gruva gjer at førarkort kl. B er ønskeleg. Dette er andre sommarsesong, så du vil kunne vera med å danna grunnlaget for framtidige sommarsesongar.
Som tilsett ved Gruvemuseet på Litlabø vil du bli fylgt opp av representantar for Venelaget for Gruo, medan du formelt er tilsett hjå Geopark Sunnhordland. Naudsynt opplæring vil bli gjeve.
Høyrest dette spennande ut? Send ein søknad til brynjar@geoparksunnhordland.no innan 01.03.2023.
Er det periodar i løpet av sommaren du ikkje har høve til å arbeida, må dette gå fram i søknaden din. Engasjementsperioden er frå 26.juni til 06.august, onsdag tilogmed sundag.
For spørsmål om stillingane i Gruvemuseet på Litlabø, Ta kontakt med
Geir Magne Hamnes tlf: 46 86 31 83, geirmagnehamnes@gmail.com
Brynjar Stautland tlf: 95 92 50 54, brynjar@geoparksunnhordland.no
Om bedriften
Geopark Sunnhordland er eit selskap eigd av Sunhordlandsrådet, og har søkt UNESCO Global Geopark-status på geologien og bergverkshistorikken i Sunnhordland. Denne statusen er venta tildelt oss i april 2023, og skalø bli eit redskap for reiselivsnæringa mm.
Sommaren 2023 skal geoparken organisere guide-tenesta i Litlabø gruver, og me treng to nye guidar til dette oppdraget.