Assistent - Helland skule
Stillingstype
Det er ledig 59 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Helland skule frå 01.08.2019.
Stillinga er knytt til arbeid med funksjonshemma barn. Vi søkjer særskild etter mannleg assistent.
Arbeidsoppgåver
- bistå eleven i skulekvardagen
- praktisk hjelp og tilrettelegging
- bistå eleven med funksjonar som eleven treng spesielt hjelp til - ev. andre oppgåver
Kvalifikasjonar
- det er ønskeleg at du har utdanning innan barne- og ungdomsarbeid, men andre søkjarar vil også bli vurderte
- du må kunne bidra til at eleven får god deltaking i skulekvardagen
- du må snakke og skrive godt norsk på minimum nivå B1
- ha god kommunikasjonsevne- trivast saman med barn
Personlege eigenskapar
- kan jobbe sjølvstendig og i team
- er opptatt av barn og unge si læring, utvikling og trivsel
- er flink til å skape gode relasjonar med barn
- opptrer som ein robust, trygg og tydeleg vaksen
- er løysings- og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
- personleg eignaheit vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- ein arbeidsplass med fokus på utvikling
- tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet.
- ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing. Politiattest skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Om bedriften
Helland skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, med ca 385 elevar på 1.-10. årssteg. Skulen har skulefritidsordning med ca. 90 barn. Skulen har ansvar for undervisning for elevar som er busett på Kollen ungdomsbase.Det er idrettshall på skuleområdet. Skulen ligg sentralt i kommunen, gangavstand til hurtigbåt til Molde og nær busstopp for Timeekspressen til Ålesund.