SFO-leiar/pedagog Ullavik skule - 100 % fast stilling
Stillingsomtale
Vi har ledig 100 % fast stilling som leiar ved skulefritidsordninga og pedagog på småskulesteget. Stillinga er ledig frå
01.08.2019. Utlysinga tek atterhald om eventuelle interne rokeringar.
Menn vert oppmoda om å søkje stillinga.
Arbeidsstad
Ullavik skule er ein 7-delt barneskule. Skulen ligg solrikt til mellom Aursnes ferjeleie og sentrum av Sykkylven.
Skulen har i dag 163 elevar og omlag 30 tilsette i personalgruppa, og der er tilsett
undervisningsinspektør.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person med utdanning som barnehagelærar/lærar eller med anna relevant pedagogisk
utdanning. Det er ønskeleg med kompetanse innan spesialpedagogikk og begynnaropplæring
Vi søkjer
- ansvar for den daglege drifta av SFO
- utvikling og planlegging av SFO-tilbodet
- pedagogisk arbeid i småskulesteget
Vi tilbyr
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved ein skule i utvikling.
Tilsetting i tråd med gjeldande lover, avtalar og reglement.
- obligatorisk tenestepensjonsordning med gunstige lånevilkår
- gode forsikringsordningar
- løn og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverk
Spesielle krav til stillinga
Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9.
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting.
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar.