Ledig 60% engasjement Stryn helsestasjon
Org.nr.:963989202 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Engasjement - 60% stilling i perioden 01.08.19-31.07.20
Stryn kommune har fått tilskot til styrking av helsestasjon- og skulehelsetenesta. Vi lyser med dette ut 60% stilling i ein periode på eitt år. Engasjementet vil ha arbeidsoppgåver innan generell helsestasjon- og skulehelseteneser med særskilte fokusområder i prosjektperioden. Din næraste leiar vil vere leiande helsesjukepleiar.
Kvalifikasjonar for stillinga:
Du må ha:
- Autorisasjon som helsesjukepleiar
Det er ein fordel at du har:
-
Erfaring frå arbeid med helsestasjonsverksemd
-
Erfaring innan førebyggjande arbeid
Som person må du:
-
Vere engasjert i barn og unge sine oppvektstilhøve
-
Ha førebyggjande perspektiv
-
Har evne å sjå barn og unge i deira heilskaplege situasjon
-
Arbeide tverrfagleg
-
Vere sjølvstendig i utføring av oppgåvene dine
Personelg eignaheit vil bli vektlagt
Du må ha førarkort og kunne disponere bil.
Politiattest må framleggast før tiltreding i stillinga
Vi kan tilby:
-
Spennande arbeidsoppgåver
-
Kompetente kollegaer i godt arbeidsmiljø
-
Løn etter tariff
-
Gode pernsjonsordningar
Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)
Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.
Link til søknadsskjema: Send søknad
Om bedriften
Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Tronheim. Flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.