Undervingsstillingar realfag
Org. nr: 974557282 Stillingsident: 4471128270 Presentasjon av stillingen:
Inntil 200 % fast stilling
Kvinnherad vidaregåande skule har omlag 370 elevar og 90 tilsette. VI tilbyr følgjande utdanningsprogram: Studiespesilaisering, Påbygg, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Helse- og oppvekstfag, Teknologi- og industrifag og klassar med redusert elevtal.
Arbeidsoppgåver
Tilsaman må dei to stillingane dekke undervisning i faga matematikk, fysikk, kjemi, teknologi og forskingslære og naturfag. Ved behov kan det bli endringar for å utnytte skulens samla kompetanse.
Kvalifikasjonar
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf.
opplæringslova.
Vi ønsker søkjarar som har undervisningskompetanse og erfaring frå skulen.
Søkjarar utan fagleg pedagogisk kompetanse er velkomne til å søkje.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Personlege eigenskapar
Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar og lærarar.
Du bidreg til å skape gode relasjonar.
Du er inkluderande og utviklingsorientert.
Du har god pedagogisk forståing.
Vi tilbyr
Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
Nært samarbeid med kollegaer.
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Runhild Kjeldaas, avdelingsleiar, 41088344
Arbeidssted
5460
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4471128270
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2022
Søknadsfrist: 01.02.2022
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.