Pedagogisk leiarar - Sunde barnehage - Sula kommune
Sunde barnehage har ledig:
100 % fast stilling som pedagogisk leiar
20 % fast stilling som pedagogisk leiar
100 % vikariat som pedagogisk leiar frå 1.8.2019- 31.7.2020
Barnehagen ligg sørvendt til i Solevågen i Sula kommune, ca 8 minutt kjøring frå Moa. Barnehagen har friluftsprofil. Det er to pedagogsiske leiarar på kvar avdeling. Følg oss på https://www.facebook.com/sundesulabarnehage/ og @sundebarnehage på Instagram.
Arbeidsoppgåver
- Leie det pedagogiske og administrative arbeidet på både små- og storbarnsavdeling.
- Arbeide i tråd med barnehagen sin visjon og verdiar.
- Arbeide i tråd med Rammeplanen for barnehage, årsplan og barnehagen sine satsingsområder.
- Gi ditt bidrag for at vi saman er fagleg oppdatert og dyktige.
- Vere ein god samarbeidspartner for personal, foreldre og eksterne samarbeidspartnarar.
Kvalifikasjonar
- Godkjent førskule/barnehagelærarutdanning eller anna relevant høgskuleutdanning.
- God norskkunnskap, munnleg og skriftlig.
- Kunne bruke og vise interesse for digitale verktøy i arbeidet.
- Stabilitet og tilstedeværelse vil bli vektlagt.
- Det vert teke omsyn til samansetninga i personalgruppa.
- Attestar og vitnemål skal leverast ved eit evt. intervju.
- Politiattest av nyare dato må framleggast ved tilsetting.
Personlege Eigenskapar
- Vere fleksibel og løysingsorientert.
- Ta positivt medansvar for eigen og andre sin trivsel, og like å arbeide i team.
- Like å vere mykje ute og vere glad i friluftsaktivitetar.
- Vere ein aktiv deltakar i leik og læring saman med barn og voksne.
- Vere ein positiv bidragsyter i utviklings- og endringsarbeid.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Faglege og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Å arbeide tett i lag som personale med fokus på kvalitet, endring og utvikling.
- Spanande samarbeidsklima i Sula kommune med blant anna fokus på Læringsreisa til barna, og 3 årig utviklingsarbeid <>.
- Godt arbeidsmiljø med høg trivsel.
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert det trekt 2% innskot til pensjonsordning.
- Gode forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Britt Kleppe, Styrar, 70 19 78 70 / 97 66 17 34, britt.kleppe@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Eidsnes
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Sula kommune
Ref. nr.:4024410710
Stillingsbrøk: 2x100%, 1x20%
Vikariat, Fast
Startdato: 01.08.2019
Tal på stillingar: 3
Søknadsfrist: 03.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4024410710&company_id=3062008088&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
.